Hs rise bygg montasje ulsteinvik barneskule lars ove mork 11
ULSTEINVIK: Ny barneskule i Ulsteinvik sentrum er av dei større prosjekta Lars-Ove Mork og dei andre i HS Rise Bygg jobbar med for tida. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tredobla omsetninga på tre år

HS Rise Bygg med godt resultat etter fleire storprosjekt - og har nye bygg på gong.

Marius Rosbach
29.06.2021

Arbeidarane til HS Rise Bygg har hatt nok å gjere det siste året, og nye større prosjekt er på gong. Aktiviteten visast igjen i rekneskapen for 2020 med rekordhøge omsetningstal.

Etter nokre år med nedgang i omsetninga, hadde bygningsfirmaet 56 millionar kroner i inntekter i 2018. Året etter skaut dei i veret til 117 millionar, før rekordåret i fjor med 161 millionar kroner.

– Vi har godt å gjere og med den ordrereserven vi har inne no, så har vi fullt opp med arbeid ut året. Ny brannstasjon og barneskule i Ulsteinvik, saman med Horisont Næringspark til Ervik & Sævik på Mjølstadneset er dei store prosjekta, fortel dagleg leiar Lars-Ove Mork til NETT NO.

(saka held fram under)

Mjøløstadneset havila bygget horisont næringspark ervik sævik foto marius 11
MJØLSTADNESET: Det nye bygget til reiarlaget Ervik & Sævik er i ferd med å reise seg på nabotomta til Havila-bygget på Mjølstadneset. HS Rise Bygg er totalentreprenør for bygget som får namnet Horisont Næringspark. Foto: Marius Rosbach

– Framleis tøff konkurranse
I løpet av fjoråret fullførte HS Rise Bygg også to andre større prosjekt på Hareidlandet med Helsehuset på Hareid og bustadblokkene Bjørndalen Park i Ulsteinvik.

No er dei i gong med å skaffe nye prosjekt som skal gi arbeid utover neste år. Mork meiner der er moglegheiter i marknaden.

– Det er framleis tøff konkurranse og lite som skal til for å tape pengar på eit prosjekt. Ein må jobbe jamt og trutt heile tida, også må ein velje dei rette prosjekta. Du kan seie at noko av det vi har fått til, er å unngå dei dårlege prosjekta, legg Mork til.

– Oss er godt nøgd
For etter eit lite minus i 2019, gjekk også lønnsemda opp i fjor for HS Rise Bygg. Drifta enda med drygt seks millionar i pluss (sjå tabell under).

– Oss er godt nøgd med fjoråret, seier dagleg leiar Lars-Ove Mork.

Bedrifta har 34 tilsette og hadde i snitt fire lærlingar i fjor.

Mork fortel at det framleis er ei utfordring å få tak på norske fagfolk. Under koronapandemien har det også vore vanskeleg å rekruttere frå utlandet, grunna ulike reiserestriksjonar.

(saka held fram under)

Oss er godt nøgd med fjoråret
Lars-Ove Mork
Mjølstadneset byggestart ervik sævik gruppebilde 11
LOKALEIGD: HS Rise Bygg held til på Hareid, og Stryn-selskapet HS Entreprenør er største eigar. Bedrifta var mellom dei lokale entreprenørane frå søre Sunnmøre som nyleg markerte byggestart for Horisont Næringspark på Mjølstadneset i Herøy. Foto: Marius Rosbach
HS Rise Bygg AS
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 161,6 117,1
Driftsresultat 6,3 -0,9
Res. før skatt 6,3 -0,9

«Tilnærma normalt» gjennom pandemien
I årsrapporten peiker styret på usikkerheita som koronapandemien skaper. Dei kan likevel slå fast at drifta har gått «tilnærma normalt», berre med mindre justeringar med å tilpasse framdrifta i arbeidet.

– Ut frå ordrereserven selskapet har i dag, og at norske myndigheiter har varsla at dei vil stimulere til auka aktivitet i bygg- og anleggsbransjen, tek styret sikte på at selskapet også i framtida skal ha ein sterk posisjon innan bygg- og anlegg i regionen, er konklusjonen i årsrapporten.

Bedrifta auka kontantkassa og eigenkapitalen i løpet av fjoråret, og eigenkapitaldelen var ved utløpet av året på 20 prosent. Også gjelda auka i løpet av året til 40 millionar.

Publisert: 29.06.2021 16:40

Sist oppdatert: 30.06.2021 12:13

Mer om