– Heilt avhengig av dei vidaregåande linjene
Dagleg leiar Lars-Ove Mork i Rise Bygg er uroa for rekrutteringa til byggfaga. NAV-direktør er ikkje i tvil om at dette er ei næring å satse på for unge folk.
Hareid-firmaet Rise Bygg har kapra fleire større prosjekt dei siste åra og opplever igjen vekst i talet på tilsette. Men dagleg leiar Lars-Ove Mork er uroa over satsinga på yrkesutdanning i den vidaregåande skulen her i fylket.
– Når eg høyrer snakk om å legge ned byggfaglinjene i Ørsta og Herøy, så meiner eg det er heilt katastrofe. Vi er avhengige av å rekruttere lærlingar og få inn yngre krefter på eit tidleg tidspunkt. Då er vi også heilt avhengige av dei vidaregåande linjene, påpeiker han til NETT NO.
Les også: Mot gamle høgder med nye sentrumsbygg
La ned fleire yrkeslinjer
Mot slutten av fjoråret blei ei rekke yrkeslinjer kutta for at fylkespolitikarane skulle få økonomien til å gå opp.
Byggfag i Ørsta blei ikkje føreslått nedlagt i denne omgang – og linja i Herøy blei berga i siste runde. Truleg kan fleire kuttforslag kome på bordet, om ikkje fylkesøkonomien betrar seg vesentleg dei komande åra.
– Vi reknar ikkje med at vi ferdige med den diskusjonen, seier Mork.
Les meir: Kutter yrkeslinjer og legg ned Vanylven-avdeling
Synspunkt: Høyt spill av fylkesrådmannen og fylkestinget
– Tilsett helst lokale folk
For ein bransje som allereie opplever vanskar med å rekruttere fagfolk, er det bekymringsfullt.
– Vi ser at unge folk vi tek inn som lærlingar og lærer opp sjølv, blir veldig flinke. Vi tilsett helst lokale folk, og til ein viss grad får vi det til – men vi er alltid ute etter flinke fagpersonar, seier Mork.
Rise Bygg har to store prosjekt som totalentreprenør for tida – helsehus i Hareid og Bjørndalen Park i Ulsteinvik. Her gjer Hareid-firmaet sjølv betong og snikkararbeidet.
– Og slik det er blitt no ,er betongarbeidarar endå vanskelegare å rekruttere enn tømrarar, påpeiker Mork.
NAV-direktør: – Lett å få jobb
Direktør Stein Veland for NAV Møre og Romsdal stadfestar at det er betydeleg behov for fagfolk i bygg- og anlegg.
– Vi ser at der er stor etterspurnad i fleire av desse yrka, og handverksfag generelt er veldig etterspurt. Om ein har kompetanse eller fagbrev som elektrikar, røyrleggar eller snikkar, er det veldig lett å få jobb, seier han til NETT NO.
Måndag kom NAV Møre og Romsdal med ei omverdsanalyse, som viser kva for yrker ein opplever størst etterspurnad etter her i fylket.
Les meir: Desse yrka er mest etterspurt lokalt
Veland påpeker at med ei stadig lågare arbeidsløyse, blir det meir vanskeleg å «matche» behovet i arbeidslivet med dei som er ledige.
– No ser vi også at både det som fram til jul heitte Sogn og Fjordane, Innlandet med Oppland og Trøndelag, alle har lågare ledigheit enn oss. Då kan vi heller ikkje vente noko stor grad av innpendling frå våre næraste nabofylke, fortel NAV-direktøren.
Arbeidsløyse: Møre og Romsdal med nest best utvikling i landet
Analyse: Vidaregåande utdanning for kven?
Synspunkt: Bekymringsmelding fra næringslivet i Møre og Romsdal
Om ein har kompetanse eller fagbrev som elektrikar, røyrleggar eller snikkar, er det veldig lett å få jobb
Publisert: 28.01.2020 05:55
Sist oppdatert: 30.06.2021 07:48