Tregt hyttesal i Volda
STARTEN UTSETT: Då denne plakaten kom opp i 2015 var målet å starte utbygging av hyttefeltet ved skianlegget i Volda same år. 
Nytt

Tregt hyttesal i Volda

Ingen hytter er selde på to år i hyttefelt i Volda.

11.04.2017
Like ved Volda skisenter har grunneigarar regulert eit hyttefelt med 100 tomter. Då salsplakaten kom opp ved parkeringsplassen i 2015 (biletet) var målet å kome i gang same år.

Så langt er fasiten null sal.
Avtalen med eigedomsmeklarselskapet Notar er gått ut.

Ikkje investert

Trøysta for tomteeigarane er at dei førebels ikkje har investert i meir enn å få lage reguleringsplanen.
Her blir det ikkje investert i infrastrukturen som må til i hyttefeltet før det er seld nok tomter til å betale for investeringa, sa styreleiar Ivar Driveklepp i Reset Hyttegrend til NETT NO I 2015.
- Vi må ha selt seks tomter, då går det opp, sa Driveklepp.
Hyttefeltet er delt i fire byggesteg, med rundt 25 tomter i kvart. Første byggesteg er dessutan delt i to, slik at det i første omgang er snakk om å klargjere for utbygging av 12-14 hytter.

Unngå Ørsta-fella

Grunneigarane i Volda ville unngå å hamne i same situasjon som eigarane av eit hytteområde rett ved skianlegget på Bondalseidet i Ørsta. Der kom mykje av infrastrukturen på plass først. Frå 2008 til 2014 vart det ikkje seld ei einaste tomt.

Skianlegga i både Ørsta og Volda ligg i ei høgd som tidlegare var rekna som snøsikre. Potensielle hyttekjøparar er ikkje overtydde om det lenger.
Ei prognose som Vestlandsforsking har fått laga konkludere klimaendringar gjer at begge skianlegga kan få halvert talet på dagar med natursnø i anlegga, ned til 58 dagar, i løpet av 13 år.

Kvivsveg-effekten

Med Kvivsvegen blei reisetida mellom Volda sentrum og Grodås i Hornindal redusert til cirka 30 minutt, rundt tre kvarter raskare enn før.
Det gjorde indre Nordfjord til eit meir attraktivt hytteområde for sunnmøringar. Der har og snøforholda vore betre, og slår prognosen frå Vestlandsforsking vil talet på skidagar i anlegget i Stryn gå ned til 117 i 2030. Det er omlag dobbelt så mange som ved anlegga i Ørsta/Volda.

Publisert: 11.04.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08