Sunnmøre tingrett foto ogne
KRAFTIG NEDGANG: Inntektene til selskapet Rask Bygg som no er under konkursbehandling, har gått bratt nedover dei siste åra. Illustrasjonsofoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Trelasthandel konkurs med milliongjeld

Gir opp etter at fire av fem siste år gjekk i minus.

Marius Rosbach
02.09.2022

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i Stordal-firmaet Rask Bygg.

Ifølgje kjennelsen har tingretten fått opplyst at firmaet har 2,4 millionar i gjeld og kring 100.000 kroner i verdiar.

Verksemda er innstilt og den eine tilsette i selskapet er sagt opp. Advokat Anne Hovde er bustyrar for konkursen og første skiftesamling er 10. oktober.

Fire av fem år med underskot
Firmaet som har dreve engroshandel med trelast, starta verksemda i 2009.

Rekneskapa viser at drifta har gått med underskot i fire av dei fem siste åra. I 2018 enda rekneskapet med eit overskot før skatt på 1,2 millionar etter ei omsetning på knappe 17 millionar kroner.

I åra etterpå gjekk inntektene kraftig ned, og var i åra 2020 og 2021 på seks-sju millionar kroner. Talet på sysselsette i firmaet gjekk også ned frå seks årsverk i 2018, til to årsverk i fjor.

Fleire konkursar i august
På landsbasis vart det ei auke i talet på konkursar i august månad. Samalikna med same månad i fjor, var det 52 prosent fleire konkurssaker i år.

Tala for Møre og Romsdal viser same trend. I august månad i år vart det opna 12 konkursar i fylket, mot berre åtte same månad i fjor.

I fjor var det ikkje registrert ein einaste konkurs i Nordfjord-kommunane i løpet av august. Det vart det heller ikkje i Stad, Stryn eller Gloppen kommunar i år, men i Kinn blei skipsdesignselskapet Naval Consult slått konkurs førre veke.

Bygg- og anlegg verst råka
Serveringsbransjen og detaljhandelen trekkjer opp konkurstala på landsbasis.

På Nordvestlandet er derimot bygg- og anlegg verst råka. NETT NO omtala nyleg at ein av tre konkursar i Møre og Romsdal skjedde innan denne bransjen.

Også i fjor på denne tida utgjorde denne bransjen kring ein av tre konkursar. Mange av selskapa som går konkurs har vore i drift berre i få år, og har hatt låg omsetning.

Publisert: 02.09.2022 07:39

Sist oppdatert: 01.09.2022 23:45

Mer om