22195951 531203593895475 2614894273282217937 n 1
TEMPERATURMÅLAR: Hovdenakk Maskinering lagar delar til fleire maritime utstyrsbedrifter. Foto: Hovdenakk Maskinering.
Nytt

Treng fleire folk

Større oppdrag for Hovdenakk Maskinering.

21.04.2023

Maskineringsverkstaden ved Vatnevatnet i Åmdalen i Ørsta har bedrifter som Kongsberg Maritime, Brunvoll, Nogva Heimdal og Finnøy Gear & Propeller på kundelista.

Når dei store maritime industribedriftene har bra med oppdrag får også dagleg leiar og hovudaksjonær Kjetil Hovdenakk og kollegaene det travelt.

I fjor hadde selskapet si høgaste driftsinntekt nokon sinne, og eit resultat før skatt tilsvarande over 13 prosent av driftsinntekta.

- Så langt i år ser det bra ut, seier Hovdenakk og aktiviteten i år.

Lærebedrift
I dag er dei fire tilsette og til hausten får selskapet inn sin første lærling. Hovdenakk seier han skulle helst enda ein person på lønningslista, for å få arbeidet unna.

Selskapet fekk ein nedtur i 2020, då koronapandemien kom, men mot slutten at året hadde aktiviteten teke seg opp igjen og alt i 2021 var Hovdenakk Maskinering nesten oppe op aktivitetensnivået frå før korona.

Også i 2022 auka oppdragsmengda hos Hovdenakk Maskinering, men også høgare prisar er ein del av forklaringa på inntektsveksten frå 2021 til 2022. Materiala selskapet kjøper blei dyrare i fjor, og det gjorde også at Hovdenakk Maskinering auka prisane på sine produkt.

Selskapet Hovdenakk Maskinering blei skipa av Olav Harald Hovdenakk i 2014, etter har han hadde drive med maskineringsverksemd sidan 1997. I dag er selskapet eigd av sonen Kjetil (50,2 prosent), Anja-Olsen Hovdenakk (24,9 prosent) og Eva Hovdenakk Eriksen (24,9 prosent.)

Publisert: 21.04.2023 16:00

Sist oppdatert: 24.05.2024 10:21

Mer om