Asle B Stronen foto Marius
Asle B. Strønen som leder bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft påpeiker at både verftsnæringa og mange andre bransjar slit med å få tak på fagfolk. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Treng fleire med meisterbrev og færre med masterbrev

Mangel på fagfolk er resultatet av feil politikk over tid, meiner leiaren for Norske Skipsveft.

Marius Rosbach
14.01.2025

Nett No fortalde måndag at Aas Mek. Verksted i Vestnes opplever ein bismak etter at dei har fylt opp ordreboka: Store problem med å få tak på fagfolk til å gjere jobben. 

Leiaren for bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft, Asle B. Strønen, er ikkje overraska - og meiner årsaka er feil politikk over lang tid. 

– Samfunnet har dei siste tiåra styrt seg slik at vi manglar fagarbeidarar. Det er verken lagt vekk på å utdanne dei, og ein har ikkje forstått betydninga av dei, seier Strønen til Nett No.

– Vi treng fleire med meisterbrev, og færre med masterbrev, legg han til. 

– Må heve statusen for fleire yrke
Strønen påpeiker at både verftsnæringa og mange andre næringar slit med dei same utfordingane. 

– Vi må heve statusen for fleire yrke, og vi må la unge menneske forstå at dei er ein ressurs som er etterspurt og det er stort behov for. Det gjeld ikkje berre i skipsindustrien, men i heile industrien og anna verksemd som helsesektoren, seier han.

Problemstillinga er ikkje ny, men utfordringa har forsterka seg for verftsindustrien under oppturen dei no opplever. 

Endar med å by om kapp for å få folk
Ikkje minst er det blitt mindre attraktivt for utanlandske arbeidarar å kome til Norge for å jobbe grunna den svake krona.

Medeigar Frode Johan Aas ved Vestnes-verftet fortalde at dei no må betale meir for arbeidarane, og endar opp med å by om kapp for å tak i fagfolk. 

Situasjonen har vore spesielt utfordrande det siste halvåret. 

Frode Johan Aas Oyvind Heggdal foto Marius
TRENG FOLK: Medeigar Frode Johan Aas (t.v.) med verftsdirektør Øyvind Heggdal ved Aas Mek Verksted treng ein rekke fagfolk etter å ha fylt opp ordreboka. Foto: Marius Rosbach

Skjerpa reglar for innleige
I ein slik situasjon meiner Norske Skipsverft-leiaren det er eit paradoks at styresmaktene gjer innstrammingar i moglegheitene for skipsverfta til å drive innleige. 

– Også dei som er innleigd, er fast tilsette i norske selskap og betalar skatt og får pensjon. Vi meiner at det fungerer godt for samfunnet, og at dette kunne vore handtert betre, seier Strønen. 

Før regjeringa innførte skjerpa reglar påpeika Norske Skipsverft at bransjen allereie «støvsugar» marknaden etter nye tilsette, men at dei ofte ikkje er tilgjengeleg. Løysinga har vore å bruke innleigd arbeidskraft.

Fleire søker seg til yrkesfag
Etter fleire år med overvekt av unge som søkte seg til studiespesialisering på vidaregåande skular, har pendelen no snudd. 

I Møre og Romsdal søker no fleirtalet seg til yrkesfag i staden. 

Det gleder Strønen og noko han ser på som veldig positivt. Han meiner likevel at det må leggast inn meir ressursar for å sikre rekrutteringa. 

– Vi må gjere folk stolte over å vere røyrleggjarar og sveisarar som leverer god kvalitet, legg han til. 

Dyrare å drifte yrkesfagutdanning
Sjølv om Møre og Romsdal til no har slept unna dei store diskusjonane om å legge ned vidaregåande skuler, vil dei kome dei neste åra når elevtala i fylket går ned. 

Då kan midlane til yrkesfaga – som ofte er langt dyrare linjer å drifte – kome i spel. 

Det er ei utvikling Strønen åtvarar mot – og han påpeiker at det snarare er viktig at elevane møter gode skular med utstyret dei treng. 

– Slikt må vere på plass før elevane, og ein kan ikkje vente til det står ein flokk med unge og bankar på dørene, seier han. 

Publisert: 14.01.2025 09:25

Sist oppdatert: 14.01.2025 09:27

Mer om