Trist aar i skibakkane
SNØMANGEL: I førre sesong måtte du høgt til fjells - som her på biletet - for å kunne nyte godt skiføre på Bondalseidet. Det slo ut i eit kraftig fall i billettinntektene. 
Nytt

Trist år i skibakkane

God start på årets sesong er kjærkome etter eit trist resultat for skisentra i Ørsta og Volda i førre sesong.

31.01.2018
For Ørsta Skisenter fall driftsinntektene med nesten 1,2 millionar kroner, ein nedgang på over 35 prosent, i sesongen 2016/2017.
Selskapet fekk sitt fjerde minusår på rad, etter ein sesong med lite snø. (sjå resultattabell)
Praktiskt talt heile inntektsreduksjonen i førre sesong skuldast svikt i billetteinntektene.

Dyr snø

Ørsta Skisenter har kunstsnøanlegg. Det sikrar vanlegvis ein lengre sesong for senteret, men kostar også pengar å drive. Anlegget blei også brukt i førre sesong, men varme og nedbør gjorde anlegget likevel sleit med å få fullt utbytte av snøproduksjonen.
Selskapet kutta ikkje kostnadar i takt med inntektsfallet. Andre driftskostnadar blei redusert frå 1,5 til 1,3 millionar kroner. I tillegg blei lønskostnadane kutta med cirka 200.000 kroner.

Investeringar på vent

I Volda fall driftsinntektene frå 2,4 til 1,5 millionar kroner. Der gjekk både billettinntektene og tilskot og sponsor ned i sesongen 2016/2017 samanlikna med 2015/2016.
Volda Skisenter sette investeringar på vent då vinteren i fjor viste seg å bli snøfattig.
Begge skisentra har avvikande reknskapsår, der reknskapet blir avslutta om våren, etter skisesongen.

Hyttestopp

Begge skisentra har hyttefelt like ved skibakken.
I Volda er det ikkje seld hytter ettar at salet starta i 2015.

I Ørsta gjekk hytteutbyggingsselskapet Bondalseidet Hytteutvikling konkurs i november i fjor etter fleire år med svakt sal. Sparebank1 Søre Sunnmøre er største långivar og kan kome til å overta hyttetomtene.
Banken har tidlegare tatt over eit hytteprosjekt på Standalseidet i Ørsta og la då tomtene ut for sal med stor rabatt i høve til kva hytteutbyggingselskapet der hadde prøvd å selje tomtene for.

Publisert: 31.01.2018 10:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17