(NPK): Det kan vere den siste spikaren i kista for heile industrien.
– For meg er det opplagt at det er slutt. Eg har vore klar over det lenge at det måtte gå den vegen, seier Bjørne Kvernmo, skipper på selskuta "Havsel", til .
Selfangaren gjennom meir enn 40 år har manøvrert det som har vore den einaste selfangstskuta i seinare år. No ser Kvernmo ingen som kan ta over når Havsel ikkje tek turen frå Tromsø mot Grønland.
– Det har skjedd drastiske endringar med isen dei siste åra.
- I fjor var det jævlig lite is. Vi fann nesten ikkje sel. Det blei bomtur. Ein kjempenedtur, seier Kvernmo om Grønlands-turen i 2016.
Selskuta Havsel skal framover jobbe med oljevernberedskap i Barentshavet.
– For meg er det opplagt at det er slutt. Eg har vore klar over det lenge at det måtte gå den vegen, seier Bjørne Kvernmo, skipper på selskuta "Havsel", til .
Selfangaren gjennom meir enn 40 år har manøvrert det som har vore den einaste selfangstskuta i seinare år. No ser Kvernmo ingen som kan ta over når Havsel ikkje tek turen frå Tromsø mot Grønland.
EU-forbod øydela
Kvernmo meiner at EU-forbodet i 2009 mot transitt av selprodukt øydela økonomien, før kutt i statsstøtta i 2015 har gjort det umogleg med selfangst. I tillegg har klimaendringar skapt store problem.– Det har skjedd drastiske endringar med isen dei siste åra.
- I fjor var det jævlig lite is. Vi fann nesten ikkje sel. Det blei bomtur. Ein kjempenedtur, seier Kvernmo om Grønlands-turen i 2016.
Selskuta Havsel skal framover jobbe med oljevernberedskap i Barentshavet.
I fjor var det jævlig lite is. Vi fann nesten ikkje sel.
Publisert: 20.01.2017 14:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05