- Forgubbing, seier administrerande direktør Kjell-Hugo Melvoll i Møbelringen om kva som hadde skjedd om ikkje Ekornes hadde fornya seg.
Til våren skal samtlege av Møbelringen sine 80 butikkar lansere Ekornes sin nye og frittståande kollkesjon "Stressless You" i eigne studio i butikkane.
- Vi trur at både vi og Ekornes skal dra nye kundar på den, seier Melvoll.
Melvoll trur "Stressless You" vil slå an, mellom anna fordi Ekornes sine nylanseringar i fjor - med litt av dei same stilelementa - har vorte godt mottekne i butikkane.
- Vi ser at stilmessig så er dette noko som nye kundar tenner på, seier Melvoll.
Produsenten og butikkjeda skal saman stå for marknadsføringa, i tillegg til at Møbelringen vil marknadsfører møblane gjennom eigne kundeaviser.
Melvoll vil ikke talfeste kor stor andel av driftsinntektene til Møbleringen som skriv seg frå sal av Ekornes-produkt, ut over å seie at det er "betydeleg".
Melvoll trur strategien vil lukkast, den nye kolleksjonen vil ikkje går ut over salet av dei modellane Ekornes allereie har i marknaden.
-Vi trur ikke på kannibalisme, seier han.
I desember skal kolleksjonen presenterast på møblemessa i Hamburg i Tyskland, og i neste sommar blir den lansert i Las Vegas for den amerikanske marknaden.
- Målet er å ta Stressless-merkevaren til ein ny distribusjon og til ei ny kundegruppe, seier produktutviklingsdirektør Arve Ekornes.
"Stressless You" som den nye kolleksjonar heiter, skil seg ut med stolbein i staden for sokkel og eit slankare preg enn Stressless sine tradisjonelle kvilestolar. Stolbeina er i aluminium eller laminat, og ikkje sokkel som har vore Stressless-stolen sitt tradisjonelle understell.
Til våren skal samtlege av Møbelringen sine 80 butikkar lansere Ekornes sin nye og frittståande kollkesjon "Stressless You" i eigne studio i butikkane.
- Vi trur at både vi og Ekornes skal dra nye kundar på den, seier Melvoll.
Godt mottatt
Ekornes starta i dag lanseringa av "Stressless You"-kolleksjonen, i tillegg til fornyingar av Svane-madrassen og dei tradisjonelle Stressless-modellane.Melvoll trur "Stressless You" vil slå an, mellom anna fordi Ekornes sine nylanseringar i fjor - med litt av dei same stilelementa - har vorte godt mottekne i butikkane.
- Vi ser at stilmessig så er dette noko som nye kundar tenner på, seier Melvoll.
Einerett
Møbelringen har einerett på å selje "Stressless You"-kolleksjonen i Noreg ut 2016 og har blitt rådført i produktutviklinga heilt frå skissestadiet.Produsenten og butikkjeda skal saman stå for marknadsføringa, i tillegg til at Møbelringen vil marknadsfører møblane gjennom eigne kundeaviser.
Melvoll vil ikke talfeste kor stor andel av driftsinntektene til Møbleringen som skriv seg frå sal av Ekornes-produkt, ut over å seie at det er "betydeleg".
Ikkje kannibalisme
Ideen bak "Stressless You" er at Ekornes skal vinne nye kundar, som vil sikre ny vekst for konsernet.Melvoll trur strategien vil lukkast, den nye kolleksjonen vil ikkje går ut over salet av dei modellane Ekornes allereie har i marknaden.
-Vi trur ikke på kannibalisme, seier han.
Ny distribusjon
Produksjonstart for "Stressless You"-møblane er planlagt til mars neste år, slik at dei første møblane kan vere ute i butikkane i mars/april 2015.I desember skal kolleksjonen presenterast på møblemessa i Hamburg i Tyskland, og i neste sommar blir den lansert i Las Vegas for den amerikanske marknaden.
- Målet er å ta Stressless-merkevaren til ein ny distribusjon og til ei ny kundegruppe, seier produktutviklingsdirektør Arve Ekornes.
"Stressless You" som den nye kolleksjonar heiter, skil seg ut med stolbein i staden for sokkel og eit slankare preg enn Stressless sine tradisjonelle kvilestolar. Stolbeina er i aluminium eller laminat, og ikkje sokkel som har vore Stressless-stolen sitt tradisjonelle understell.
Vi trur at både vi og Ekornes skal dra nye kundar på den
Publisert: 20.10.2014 15:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38