Fiskeri illustrasjon innfelt knut arne høyvik foto Odd Kristian Dahle Fiskebåt privat 11
NY KOMBINASJON: Med Atlantic Longline-båten Atlantic vert det satsa på både autoline og snurrevad. Knut Arne Høyvik trur denne kombinasjonen vert ein 'game changer'. Foto: Privat/Fiskebåt
Nytt

Trur på «game changer» for autolineflåten

Reagerer på høge kvoteprisar, men trur at kombinasjonen autoline/snurrevad vil betre lønsemda.

06.01.2022

Onsdag vart det klart at Leinebris-reiarane frå Herøy/Averøy har kjøpt selskapet Huseby Senior med ein kvoterett for torsk og hyse. Prisen var 150 millionar kroner, noko som er ny rekord for kvotekjøp innanfor autoline.

I eit innlegg i NETT NO torsdag skriv tidlegare fiskebåtskipper og fiskeritillitsvald Knut Arne Høyvik at han rygga då han fekk høyre om kjøpssummen, men han viser samstundes til at det er dei som har våga å satse, som hittil har lukkast.

I innlegget skriv Høyvik at han har tru på ein 'game changer' for autolineflåten gjennom kombinasjonen autoline/snurrevad.

Høyvik viser til at Ålesund-selskapet Atlantic Longline har hatt suksess med denne kombinasjonen med sin nye autolinebåt Atlantic. I tillegg har Austevoll-båten Østerfjord satsa på same kombinasjon.

"Snurrevaden er både kostnadseffektiv og effektiv å fiske med - og kvaliteten på fisken er bra. Eg er ganske sikker på at dei som satsar på denne kombinasjonen vil få betre lønnsemd eller eit reint linefiske, samtidig beheld ein oppsida av den krokfanga fisken som ein likevel fiskar," skriv Høyvik.

Publisert: 06.01.2022 09:20

Sist oppdatert: 06.01.2022 11:58