NTB 6p Bir Aktv CI
LUKSUS: Prisane på laks og torsk har auka betydeleg i det siste. Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Nytt

Trur torsken kan verte den nye luksusmaten

Dei høge kiloprisane på fisk gjer at torsk kan gå frå å vere kvardagsmat til luksusmat i framtida, fryktar eksportselskap.

29.09.2022

(NPK-Peder Skjelten) Professor Runar Døving meiner Noreg er ein dårleg utnytta marknad for heimleg fiskerinæring.

Under nett-arrangementet «Fiskeprisene til himmels. Godt eller dårlig nytt?» i regi av Intrafish.no og Fiskeribladet var Morten Hyldborg-Jensen frå Nordic Group, Victoria Braathen frå Noregs sjømatråd og professor Runar Døving frå Høgskulen i Kristiania inviterte for å diskutere dei høge kiloprisane på laks og torsk.

– Vi er ute av ein pandemisituasjon, inn i ein krigssituasjon og innkjøparar er meir nervøse og tenkjer meir kortsiktig. Eg trur vi endå ikkje har sett ein reaksjon på dette, sa Morten Hyldborg-Jensen.

Han er administrerande direktør i Nordic Group AS, som eksporterer frosen og fersk fisk. Han fortalde at auken på torskeprisen har vore på 40 prosent og laks har vore oppe i 110 kroner kiloen. Med komande års kvotereduksjon på torsk på 20 prosent er næringa i ein situasjon ho ikkje har vore i før.

– Eg trur vi endå ikkje har sett ein reaksjon på dette. Torsk kan gå frå å vere kvardagsmat til å bli festmat.

Ser etter alternativ til «fish & chips»
Victoria Braathen, Noregs sjømatråds utsending i Storbritannia, fortalde om hendingsrike veker i Storbritannia. Ny politisk leiing og monark skal ta landet vidare. Samtidig er marknaden prega av den økonomiske situasjonen etter brexit, pandemien og krigen som går føre seg i Ukraina.

– Kvardagen blir prega av redusert kjøpekraft og økonomisk usikkerheit. Det verkar inn på marknaden. Vi ventar harde prioriteringar og auka konkurranse framover med auka medvit rundt kvardagsval og forbruk, sa Braathen.

Britane elskar kvitfisk, ifølgje Braathen. Mykje av det blir ete som «fish and chips», men den økonomiske situasjonen gjer at det blir prøvd ut andre artar.

– Torsk og hyse står som sterkt som tradisjon for britane, men fleire ser på alternativ no og prøver seg fram med andre artar.

Hyldborg-Jensen fortalde at fleire av dei tradisjonelle marknadane norsk fiskenæring har sela til før, blir mindre.

– England er store kundar med «fish & chips», men dei ser ut til å gå inn i ein resesjon, og det blir høge straumprisar i Sør- og Sentral-Europa, der vi sel mykje. Vi som eksportørar og seljarar må ut og finne kjøparar.

Torsk og hyse står som sterkt som tradisjon for britane, men fleire ser på alternativ no og prøver seg fram med andre artar
Victoria Braathen

Utnyttar ikkje eigne matverdiar godt nok
Ifølgje professor Runar Døving frå Høgskulen Kristiania er brisling eit av dei beste matprodukta i verda. Når han blir seld ut av Noreg til land som Nederland fordi nordmenn ikkje vil ha han, er det eit teikn på at vi nordmenn ikkje greier å ta i bruk våre eigne matverdiar.

– Det blir snakka ein del om at marknadsføring for fisk i Noreg er ei utgift. Det er det ikkje, det er ei investering. Det er stor vilje og etterspurnad etter fisk i den norske marknaden. Nordmenn er fiskeetande, vi er tufta på sjømat, men når vi ikkje har brisling til sals i butikken, kan vi ikkje rekne med å selje det heller, sa Døving.

Han meinte næringa snakkar saman for å finne nye marknadar å selje til, men burde òg skape marknadar, og spesielt heime i Noreg. Han trur det er potensial for å doble den norske marknaden, for samtidig som prisane aukar på laks og torsk, aukar det meir på kjøt og korn.

– Lokalbefolkninga burde vere ambassadørar for eigen mat. Det er som om folk i Parma-distriktet i Italia ikkje skulle ete eiga skinke og ost.

Unge og ferdigfisk
Tidlegare i sommar kom det fram at berre sju prosent av norske barn mellom 8 og 19 år følgjer Helsedirektoratets kostråd om å ete fisk minst tre gongar i veka.

Sju av ti i undersøkinga, gjennomført av Ipsos for Noregs sjømatråd, svarte dei ville ete fisk oftare om dei fekk servert fiskerettar dei sjølve har lyst på eller kunne velje sjølv, ifølgje NRK.

Morten Hyldborg Jensen i Nordic Group sa at dei jobbar med å få meir panert fisk inn på burgarmarknaden. Det skal få unge til å ete meir fisk.

Trass i tala som viser at unge ikkje eit så mykje fisk, er det usant at dei ikkje likar det, ifølgje Døving.

– Barn utan storesøsken eit like gjerne fisk som kjøt, men så byrjar dei på skulen. Det er det vi må endre på, at fisk blir sett på som mindre godt blant barn på skulen, sa professoren.

Publisert: 29.09.2022 09:02

Sist oppdatert: 29.09.2022 09:16

Mer om