NPK: Når fisketrålen vert dratt langs havbotnen, vert botnlevande artar og sediment rivne opp. Dermed vert store mengder CO₂ frigjeve.
Utsleppa frå trålfiske ligg på mellom 600 og 1.500 millionar tonn årleg. Utsleppa frå flytrafikken i verda i 2019 var 918 millionar tonn, fortel NRK , og viser til studien som 26 marinbiologar, klimaforskarar og økonomar står bak . Det er første gongen forskarar har rekna på utsleppa når havbotnen vert pløgd.
26 millionar tonn CO₂ er sagt å kome frå botntråling i Noreg. Viss dette stemmer, er det omtrent like mykje som norsk industri, vegtrafikk og innanlands luftfart til saman. Reknar vi med desse utsleppa, vil i så fall norske utslepp auke med 50 prosent.
Norges Fiskarlag meiner det blir spekulativt å samanlikne CO₂ i havet og i atmosfæren.
– Trålfiske i farvatna våre går føre seg i godt etablerte felt. Der er det generelt svært låge nivå av organisk materiale som kan frigjere karbon. Samtidig meiner vi det bør kunne stillast spørsmål ved om utslepp av CO₂ i atmosfæren frå flytrafikk, og oppløyst CO₂ i havdjupet frå biologisk materiale, kan samanliknast når det gjeld klimaeffekt, seier Jan-Erik Indrestrand i Fiskarlaget til NRK.
Forskingssjef ved Havforskingsinstituttet, Peter Haugan, er usamd.
– Det er ikkje spekulativt å samanlikne. Dette er samanliknande storleikar. Det er dyktige folk som står bak studien og det er store globale data som gir eit truverdig bilete.
Haugan peiker derimot på at utslepp til atmosfæren verkar direkte på klima, medan utslepp frå havbotnen direkte påverkar havmiljøet.
Fiskeriministeren vil ikkje uttale seg om påstandane er relevante for norske forhold fordi han ikkje har lest studien.
– Men eg ønskjer å lære meir om denne forskinga. Derfor har eg tenkt å invitere leiaren av forskingsteamet for å få ein presentasjon, seier Odd Emil Ingebrigtsen (H) til kanalen.
Publisert: 23.03.2021 15:49
Sist oppdatert: 24.03.2021 09:58