Agnar Lyng S Tadyard foto Ogne
STÅR PÅ FLEIRE BEIN: Agnar Lyng eig eit konsern som driv både skipsbygging,, fiskeri, fiskeindustri og eigedom. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tungt år for Agnar Lyng i fjor

I år går det mot eit av dei beste åra konsernet har hatt. Fiskeindustriverksemda drog ned i 2024.

04.09.2025

Sirean-konsernet på Raudeberg ved Måløy er heieigd av Agnar Lyng. Gjennom datterselskapet Babord Group er konsernet heil-, majoritet eller 50 prosent eigar i fiskeri, fiskeriindustri på Raudeberg og Polen, skipsverft og eigedom. (50 prosent-eigarandelen er i skipsverftet Stadyard ved Raudeberg ).

Rangert etter driftsinntekt er fiskeindustriverksemda i datterselskapet Babord Seafood størst og viktigast for konsernet. Babord Seafood hadde 474 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på minus 21 millionar kroner i 2024.

Hovudårsaka til inntektsnedgangen i fjor er at Sirean-konsernet ikkje nådde sine mål innan ein av hovudmarknadane for sjømat, skriv Sirean i årsmeldinga for 2024.

I tillegg til inntektsnedgangen fekk konsernet auka konstandar fordi det auka kapasiteten både i fangst- og fiskeindustriverksemda si. Det betydd også fleire folk og dermed høgare lønskostnandar i fjor.

Oppsving i år
I årmeldinga skriv Sirean at restruktureringa av konsernet i er i hovudsak gjort, og at endringane mellom anna vil gi større fleksibilitet i sjømatverksemda i konsernet.

Det er med på å gi eit markert oppsving i år.

"2025 ser ut til å bli blant dei beste åra gruppa har levert", skriv Agnar Lyng i ei teksmelding til Nett No.

Konsernet sysselsette 337 årsverk i 2024.

Sirean as (konsern)  
Tal i mill. kroner20242025
Driftsinntekt847,7879,3
Driftsresultat-24,827,6
Resultat før skatt-65,120,6

Publisert: 04.09.2025 09:32

Sist oppdatert: 04.09.2025 09:32