Tøff dag på børsen for Havyard
Fall mest på børsen etter kapitalutviding.
Utfallet av kapitalutviding i Havyard Group sitt datterselskap Hav Group blei ikkje tatt god i mot i aksjemarknaden.
Kursen i selskapet fall torsdag med 19,6 prosent samanlikna med sluttkursen onsdag. Ingen andre selskap fall meir på børsen.
Havyard Group er i dag verdsett til 620 millionar kroner på børsen, 151 millionar kroner under verdien dagen før.
Lavare kurs
Før kapitalutviding som starta onsdag ettermiddag skreiv Havyard Group at selskapet ville sitte igjen med mellom 50,1 og 70 prosent eigarskap i Hav Group etter kapitalutvidinga.
Kor mykje Havyard Group skulle eige kom an på kva kurs kapitalutvidinga ville bli gjennomført til. Dess høgare kurs, dess større eigarandel ville Havyard Group bli sittande att med.
Kursen i Hav Group blei 18 kroner per aksje. Det verdsette Hav Group til 630 millionar kroner og gav Havyard Group ein eigarandel på 66,7 prosent.
To børsnoterte selskap
Hav Group samlar fire datterselskap til Havyard Group under ein paraply; Havyard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, som frå 4. mars blir notert på Oslo Børs.
Havyard Hydrogen teiknar og set saman anlegg for å bruke hydrogen som drivstoff ombord i skip. Skipsdesignverksemda er samla i Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems lagar skipselektrosystem og -design, medan Norwegian Greentech lagar reinseanlegg for ballastvatn.
Etter at Hav Group er skilt ut og børsnotert, vil Havyard Group drive med reparasjon, vedlikehald, ombygging - og eventuelt nybygg ved verftet i Leirvik i Sogn og forvalte den dominerande eigarskapen i Hav Group.
Planen er at Havyard Group skal halde fram som eit børsnotert selskap.
Gunnar Larsen ny sjef
Havyard Group-sjef Gunnar Larsen blir leiar for børsnykomaren Hav Group. Hans etterfølgjar i Havyard Group er klar, men ikkje offentleggjort enno, ifølgje Larsen.
I samband med etableringa av Hav Group som eit eige børsnoterte selskap, selde Havyard Group også ein del av sine aksjar i Hav Group og fekk inn 120 millionar kroner.
Det pengane gjer at Havyard Group no er eit gjeldfritt selskap, seier Larsen.
Publisert: 18.02.2021 17:15
Sist oppdatert: 18.02.2021 19:14