Toeffare for Jacobsen
TØFF KONKURRANSE: Hassan Birdahic (tv) og Bjørn Olsen skjer kjøt hos Johs. Jacobsen. Selskapet gjekk i minus i fjor.
Nytt

Tøffare for Jacobsen

Det er så mange aktørar i kjøtbransjen at bedriftene slit med å gå i pluss.

08.06.2015
- Det er tydeleg at tilbodet er større enn etterspørselen, for ellers hadde ikkje så mange lagt ned, seier Stig Jacobsen, dagleg leiar i Johs. Jacobsen Kjøtt i Volda.
Firmaet, med 13 tilsette, tek i mot slakt og skjer det opp til konsum eller vidareforedling. Selskapet er mellom anna underleverandør til Nordfjord Kjøtt, og levere til ei rekkje kundar over heile landet.

- Det er ein tøff bransje. Alle kostnadane må gåast gjennom, og så må ein heile tida søke etter kundar der ein kan få betre betalt for varene sine, seier Jacobsen.

Endra kundemassen

På slutten av 2014 og i starten av 2015 sleit Jacobsen med prispress, mellom anna takka vere import og konkurranse frå andre mindre aktørar. Og medan kundane kan presse han, kan ikkje Jacobsen presse prisen på slaktet ned. Der er det fastpris.
Svaret var å vinne innpass hos nye kundar, med større betalingsvilje. Det har han delvis lukkast med. I dag utgjer leveransar til restaurantbransjen i Oslo om lag 20 prosent av driftsinntektene. Det er eit løft attende til nivået bedrifta hadde i denne marknaden for rundt fem år sidan.

Tapt grillsesong

Auken i restaurantmarknaden i år er eit pluss.
På minussida er det trasige veret i mai. Den viktige grillsesongen kom aldri i gang. Det får bedrifter som Jacobsen og heile daglegvarebransjen svi for.
- Sjølv om det skulle bli knall i juni og juli så klarer ein ikkje å ta igjen det som gjekk tapt, seier Jacobsen.

Publisert: 08.06.2015 16:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44