Inge Furre møbeltreff Sykkylven 2022 foto Ogne
BREMS: Førebels er det ikkje så lett å sjå tekn til ein nedtur, men det blir tøffare neste år, ventar sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tøft 2023, men kortvarig nedtur

Fleire tunge faktorar dreg feil veg og neste år blir tøft for møbelnæringa, spår sjeføkonom Inge Furre.

27.10.2022

Torsdag såg han inn i glaskula, for deltakarane på Norsk Industri sitt bransjetreff for møbelnæringa i Sykkylven.

No er det fire faktorar som slår negativt inn, samstundes, ifølgje sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre:

  • Renta stig
  • Høg inflasjon
  • Krig i Ukraina og geopolitisk uvisse
  • Pessimistisk stemning hos bedrifter og privatpersonar

I tillegg er det sannsynleg med økonomisk tilbakegang i Europa.

- Det blir vesentleg meir krevande i 2023, seier Furre om neste år.

Kortvarig nedtur
Furre fryktar ikkje ein langvarig nedtur.

I det inflasjonen byrjar å gå nedover, ventar Furre at sentralbankane vil snu merksemda si bort frå å få prisstiginga ned og mot å få til vekst og sysselsetting. Rentetoppen vil i så fall bli lågare og rentekutta blir framskunda, ventar han.

- Det blir ikkje ein veldig djup nedgangskonjunktur, trur han.

Framleis gode tider
Den sist offentlegjorde sysselsettingsstatistikken for Møre og Romsdal viser at det berre er 1,4 prosent av den registrerte arbeidsstyrken som er heilt arbeidsledig.

Furre minner om at nedturen kjem frå eit høgt nivå, og at det framleis er vekst i verdsøkonomien. Omslaget Furre ventar kjem er ikkje så tydleg enno.

- Det er ikkje lett å sjå teikn i norsk økonomi til at dårlegare tider kjem, seier Furre.

Publisert: 27.10.2022 13:35

Sist oppdatert: 27.10.2022 22:51

Mer om