Grasøya coast safari hivens no nettside miljøsenter foto marius runde miljøsenter 11
OPPLEVINGAR: Naturguide og friluftsrettleiar Johannes Kjær Madsen (t.h.) har vore mykje involvert i arbeidet med ein ny «bookingsentral» for opplevingar på søre Sunnmøre. Båtturar til Grasøya fyr er mellom opplevingane som kan vere aktuelle. Foto: Marius Rosbach/Runde Miljøsenter
Nytt

Går saman om å sanke turistar

Fleire går saman om å kapre turistane. Ein felles «bookingsentral» for opplevingar på søre Sunnmøre startar no.

Marius Rosbach
13.03.2021

– Oi, no er det ei ørn rett utfor vindauget. Ho var stor, utbryter Cecil Elisabet Nerbø midt i intervjuet.

Det er liten tvil om at Runde har mykje å by på, både for tilreisande – og dei som jobbar på øya. Ved hjelp av ei ny nettside håpar den nye daglege leiaren for Runde Konferansesenter at dei også skal få vise fram meir av omgjevnadene.

– Runde er eit fyrtårn innan reiselivet, men det er kjempeviktig at alt det andre som er her på søre Sunnmøre også blir framheva. Det er utruleg mange flotte plassar, seier ho.

Cecil Elisabet Nerbø foto Iselin Ødegaard 11
TEK SATS: Cecil Elisabet Nerbø er ny dagleg leiar ved Runde Konferansesenter og har tru på mykje besøk frå norske gjestar til regionen i sommar. Foto: Iselin Ødegaard

Nerbø kjem frå Vestnes og har nyleg teke over som dagleg leiar for Runde Konferansesenter. Ho skal drive med reiseliv, og ta i mot gjestar til kurs- og konferanse. Senteret er no delt i to og Nils-Roar Hareide skal framleis leie forskingsverksemda i Runde Forsking.

– Målet må vere å sende folk til naboen
Nettsida Hivens.no som blir lansert over helga, blir ein slags «bookingsentral» der folk kan orientere seg og booke opplevingar direkte frå fleire aktørar. På sikt vil dei også samle overnattingar og andre reiselivstilbod same stad.

– Reknestykket er ganske enkelt. Om ein region har fleire opplevingar å by dei besøkande, får ein fleire overnattingar, folk handlar meir mat og vidare. Målet må vere å sende folk til naboen. Det gir liten effekt å ta i mot dei på Runde, for å sende dei tilbake til Oslo. Då må vi heller sende dei til Vanylven, fortel Nerbø.

Ideen sprang ut av arbeidet med reiselivsprosjektet på ytre søre Sunnmøre, og undervegs har dei mellom anna fått hjelp av konsulentane i 2469 Reiselivsutvikling.

Målet må vere å sende folk til naboen
Cecil Elisabet Nerbø

Kommunane Ulstein, Hareid, Herøy, Vanylven og Sande deltek i prosjektet, som er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune. Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Havlandet i Herøy er samarbeidspartnarar.

(saka held fram under)

Runde fyr fuglefjellet foto kjetil 11
RUNDE: Fugleøya har Rundebranden og fyret mellom store opplevingar som lokkar besøkande til Nordvestlandet. Foto: Kjetil Haanes

Ein trend i bransjen
Reiselivsaktørar i Nordfjord samla seg allereie for nokre år sidan om ei felles side for booking, og i Geiranger jobbar dei med same tankar.

– Det å samle mange spennande småbedrifter med slike nettløysingar, er ein del av ein trend i reiselivet. Mange av dei mindre aktørane har ikkje moglegheit til å ha store system til å handtere bookingar. Då kan dette vere ei løysing, seier Nerbø.

Bedriftene som er med på nettsida utvikla på Runde miljøsenter betalar ei avgift for faktiske sal, som gjer at det er liten risiko – og det er ikkje krav om medlemskap.

Hausta erfaringar i fjor
Før helga hadde Herøy Gard, Isyvde Gjesteheim, Norsk Olivinsenter, Bøen Gard, Ishavsmuseet, Vestafor Måne, Vanylven Tours, Brekkegarden og Runde Konferansesenter meldt seg til å vere med.

Også Hakallegarden i Vanylven er representert og dei fekk hauste erfaringar allereie i fjor. Då koronapandemien slo til blei det raskt stabla på beina ei nødløysing for å handtere billettsal, slik at ulike aktørar kunne handtere smittevernreglane.

(saka held fram under)

Hakallegarden aina moldskred foto marius 11
VANYLVEN: Aina Moldskred Krakset og mannen Olav har bygd opp Hakallegarden i Vanylven til eit rikhaldig tun. Dei er mellom aktørane som presenterer seg på den nye portalen. Foto: Marius Rosbach

Aina Moldskred Krakset driv besøk- og opplevingsgarden halvanna times køyretur unna Runde, saman med mannen Olav. Ho fortel om gode erfaringar etter fjoråret.

– Utgangspunktet var at vi ikkje fekk lov til å ha inn meir enn eit avgrensa tal gjestar, så vi måtte ha eit system slik at vi hadde kontroll, fortel ho.

Tidlegare sesongar har dei besøkande kome på tunet «som dei ville». Med billettsystem måtte folk betale meir for å oppleve garden: – Billettane blei dyrare, men ingen reagererte på det, legg Krakset til.

Vil halde fram med billettsystem
For gardsdrivarane gir det samtidig ein rekke fordelar. No kan dei planlegge alt frå bemanning, mat og logistikk langt betre.

– Vi hadde så gode erfaringar med det ei slik booking, at vi har bestemt oss for å ha færre besøkande i høgsesongen, uansett om smittereglane blir løyst opp. Det blir også kjekkare for gjestane når vi kan ta oss skikkeleg av dei, understrekar Krakset.

Omsetninga i 2020 blei lågare enn tidlegare etter at koronapandemien amputerte mykje av sesongen. Men Hakallegarden hadde også oppturar i fjor.

–Vi hadde ein betre julimånad i fjor, enn året før, sjølv om vi hadde færre folk på besøk – og to dagar stengt i veka, fortel ho. Det har dei planar om å halde fram med.

(saka held fram under)

Hakallegarden foto Kristin Støylen Hanen
HELD FRAM MED BILLETTAR: Hakallegarden har i fleire år hatt «ope tun» med dyr, gardsbutikk, overnatting, galleri og badestrand. Erfaringane med billettsystem det siste året har vore gode. Foto: Kristin Støylen/Hanen

Spent på smitteutviklinga
No er vertskapet på Hakallegarden spent på korleis smitteutviklinga blir, og kva moglegheiter dei vil ha til å ta i mot besøkande. Til vanleg har påska vore sesongopning med «stinn brakke». Det kan dei iallfall slå fast at det ikkje blir i år.

– Vi har vore litt på gjerdet til no, og må sjå an smitteutviklinga, er alt gardsdrivaren kan seie per no.

Etter meldingane frå fredagens pressekonferanse med regjeringa kan reiselivet rekne med at det blir ein ny sommar med reiserestriksjonar frå utlandet.

Trur på reprise av fjoråret
Sjølv om mange i bransjen har vore gjennom eit tungt år med koronapandemien, fekk ein del verksemder tidenes sommar med god betalande norske gjestar. Cecil Elisabet Nerbø på Runde Miljøsenter ser føre seg ei «reprise» av fjoråret.

– Om det ikkje blir strengare reiserestriksjonar trur eg det er gode moglegheiter for mykje besøk. For nokre som berre har vore vande med å jobbe mot den utanlandske marknaden kan det vere ei tøff omstilling - men den har mange også tatt, seier ho.

Senteret har allereie mange bookingar for sommaren. Dei aller fleste er nordmenn, men nokre utanlandske gjestar har tinga opphald mot slutten av sommaren.

– I fjor blei mange overraska over besøket, men vi har tenkt til å bemanne opp for fullt trykk, avsluttar Nerbø.

Podium

E11/S2 Anne Birte Bjørdal Hanken og Jan-Tore Holen om gründerlivet, oppstart og vekst.

Publisert: 13.03.2021 05:55

Sist oppdatert: 13.03.2021 08:38

Mer om