Børsdagen: Kurskollaps for Atlantic Sapphire
Kursen vidare ned og skatteetaten tok nyleg pant i huset til Atlantic Sapphire-gründaren.
Aksjekursen til Atlantic Sapphire raste vidare nedover tysdag. Då børshandelen var omme hadde aksjekursen falle 33,05 prosent sidan i går og enda på 4,68 prosent.
Det prisar selskapet til 717 millionar kroner.
Mandag var kursfallet 45 prosent.
Dette er kollaps i aksjekursen, etter at selskapet natt til mandag sende ut ei melding om unormal høg dødelegheit for laksen i det landbaserte anlegget ved Miami. Det har mellom anna ført til at ein del fisk er slakta tidlegare planlagt.
I februar 2021 var kursen i Atlantic Sapphire oppe i heile 150 kroner aksjen. Etterpå har det stort sett gått nedover.
Denne artikkelen vart først publisert 12:42 i dag, og er oppdatert etter at børshandelen stengte.
Les også
Kraftig kutt i kursmål
Dei to meklarhusa Pareto og Fearnley kuttar begge kursmålet for oppdrettsselskapet kraftig, ifølgje Finansavisen.
Fearnley-analytiker Nils Thommesen kutter kursmålet frå 27 til 4 kroner, medan Carl-Emil Kjølås Johannessen i Pareto barberer målet frå 30 til 8 kroner.
Han fortel til avisa at risikoen har auka voldsomt både opersjonelt og finansielt.
Trur ny eigenkapital blir dyrt
Meklarhusa trur Atlantic Sapphire er nøydde til hente ny eigenkapital og at det kan bli dyrt.
Dei anslår behov for ny kapital på mellom 50 og 150 millionar dollar for å fullføre byggesteg to ved anlegget.
Måndag vart det óg kjent at selskapet står i fare for å ikkje oppfylle eit lånekrav frå DNB om positiv drift i tre samanhengande månader.
Tok pant i huset
Det andre selskapet frå regionen som er involvert i landbasert oppdrett, Salmon Evolution, er ikkje påverka av krakket i Atlantic Sapphire-aksjen. Kursen for Salmon Evolution-aksjen steig svakt både måndag og tysdag.
Tysdag vart det også kjent at skatteetaten 4. oktober tok pant i huset til Atlantic Sapphire-gründer Johan Andreassen i Vestnes.
Skattekravet skal no vere betalt, opplyser Andreassen til Dagens Næringsliv.
Les også
Kvaliteten på fisken gjekk opp og produksjonskostnaden ned i første halvår.
Lakseoppdrettere forfremmer direktør og er forsinka med neste steg.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Hexagon Purus | 19,98 | 6,79 % |
Hexagon Composites | 23,64 | 4,60 % |
Endúr | 28,30 | 3,66 % |
Sparebanken Møre | 71,58 | 2,32 % |
Statt Torsk | 2,15 | 1,42 % |
Arctic Bioscience | 13,80 | 1,10 % |
Salmon Evolution | 8,45 | 0,95 % |
Havyard Group | 3,33 | 0,91 % |
Havila Kystruten | 18,20 | 0,00 % |
Norva 24* | 32,46 | -0,32 % |
Hofseth Biocare | 3,40 | -0,87 % |
Hav Group | 9,77 | -2,10 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,61 | -4,46 % |
Havila Shipping | 11,06 | -7,37 % |
Nortel | 17,60 | -9,28 % |
Atlantic Sapphire | 4,68 | -33,05 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 18.10.2022 12:42
Sist oppdatert: 18.10.2022 17:01