Nordmand atlantic resirkulering foto marius 11
TIL RESIRKULERING: Supplyskipet Nordmand Atlantic med UT 740-design frå Ulstein Verft, var laurdag ute på siste reis til Green Yard Kleven-verftet, etter å ha vore i opplag sidan offshorekrise slo til i 2015. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ulstein-bygd supplybåt til skraping

Resirkulerast etter ei årrekke i opplag.

Marius Rosbach
02.04.2022

Nok eit utrangert supplyskip frå Solstad Offshore, blei laurdag slept inn Ulsteinfjorden på veg til Green Yard Kleven for resirkulering.

Nordmand Atlantic er det fjerde skipet i rekka frå reiarlaget som blir skrapa ved verftet. Skipet blei levert til Solstad i 1997 frå naboverftet Ulstein Verft tvers over vika.

Skipet som er kategorisert som ein ankerhandterer, har vore i opplag ei årrekke etter at offshorenedturen slo til i 2015.

Systerskipet «Normand Neptun» er eitt av dei tidlegare skipa som Solstad har levert til resirkulering på Kleven. I samband med refinansiering i 2020 blei ein rekke skip peika ut som lite betydningsfulle, og lista for skraping.

Sju skip til saman

Solstad Offshore skal resirkulere til saman sju skip ved Green Yard-verfta. Fire av desse skal skrapast på Kleven og tre ved Green Yard Feda på Sørlandet.

Skipa er definert som ikkje-strategiske skip ettersom dei er eldre og lite attraktive i marknaden.

Det tidlegare Farstad-skipet Far Sovereign var det første skipet som kom til resirkulering ved sunnmørsverftet i fjor haust.

Tilsetter fleire
Green Yard-sjef Hans Jørgen Fedog kunne nyleg fortelje at verftet søker etter fleire tilsette

Den siste tida har det vore omlag 80 eigne tilsette hos Green Yard Kleven i Ulstein og 20-25 innleigde.

Green Yard Group tok over drift av Kleven i 2020, og satsar på opphoggingsmarknaden i tillegg til ombygging, vedlikehald og nybygg.

Publisert: 02.04.2022 16:17

Sist oppdatert: 02.04.2022 16:25

Mer om