Ulstein Verft Nexans Electra launch dokkhall foto Martin Giskegjerde Oclin 1
UT AV DOKKHALLEN: Inne i dokkhallen har arbeidarane ved Ulstein Verft jobba utan å måtte ta omsyn til ver og vind. No går oppdraget over i ei ny fase. Foto: Martin Giskegjerde/Oclin
Kort fortalt

Ulstein sjøsette milliardskip

Sjå bilda av skipet på vatnet.

Marius Rosbach
17.11.2025

Før helga blei kabelskipet Nexans Electra sjøsett frå dokkhallen ved Ulstein Verft. 

Når skipet no har blitt flytta frå dokkhallen til utrustingskaia, er det eitt steg nærare klargjering til skipet skal spele ei nøkkelrolle for Nexans arbeidet med å legge undersjøiske kablar, skriv verftet i ei pressemelding. 

Ulstein Verft Nexans Electra launch dokkhall foto Martin Giskegjerde Oclin 4
NYBYGG: Nexans Electra er teikna av skipsdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund og er ein oppdatert versjon av Nexans Aurora, som vart levert frå Ulstein Verft i 2021. Foto: Martin Giskegjerde/Oclin

Fartøyet nærmar seg slutten av utrustingsfasen, som har inkludert installasjon av kritiske system som hovudgeneratorar, kraftpakke, dekksmaskineri og dekksutstyr. 

Ulstein Verft Nexans Electra launch dokkhall foto Martin Giskegjerde Oclin 2
NY FASE: SNART FERDIG: Kabelskipet Nexans Electra er ferdig med arbeidet i dokkhallen. Det 149,9 meter lange skipet er mellom dei største verfta har bygd. Foto: Martin Giskegjerde/Oclin

Sjøsettinga markerer starten på ferdigstillinga med dei siste installasjonane og målingsarbeidet, før alle system skal testast og justerast fram mot prøvetur våren 2026, heiter det vidare i meldinga. 

Ulstein Verft Nexans Electra launch dokkhall foto Martin Giskegjerde Oclin 3
GODT FJORÅR: Ulstein Verft fekk rekordinntekter og ein kraftig resultatauke i fjor. Etter kabelskipet til Nexans er det ikkje fleire nybygg i ordreboka. Foto: Martin Giskegjerde/Oclin

Verdien på kontrakten er ikkje opplyst, men ligg langt over milliarden – og kanskje to. Om bord blir det mellom anna plass til 13,500 tonn kablar fordel på fire karusellar. 

Publisert: 17.11.2025 09:33

Sist oppdatert: 17.11.2025 09:33

Mer om