Nexans TBN 003 1 illustrasjon Ulstein Verft
NUMMER TO: Det nye kabelleggingskipet er det andre Ulstein Verft skal bygge for Nexans-konsernet. Illustrasjon: Ulstein Verft/Skipteknisk/Nexans
Nytt

Kjempekontrakt til UIstein Verft

Skal bygge nok eit kabelleggingsskip for Nexans.

22.09.2023

Skipet er teikna av skipsdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund og er ein oppdatert versjon av Nexans Aurora, som vart levert frå Ulstein Verft i 2021.

Det blir 149,9 meter langt og 31 meter breitt og skal ha plass til eit mannskap på 90 personar. Fartøyet skal transportere og legge av ulike typar sjøkablar, inkludert kabelbunting, og gjenopphenting og reparasjon av desse.

- Ulstein er svært glade for at Nexans vel å kome tilbake til Ulstein Verft for bygginga av eit nytt kabelleggingsfartøy, seier konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Ulstein Group i ei pressemelding.

Les melding frå Ulstein Group her

Ferdig våren 2026
Det polske skipsverftet Crist skal bygge skroget. Crist bygde også skroget til Nexans Aurora. Skroget kjem til Ulsteinvik våren 2026 og det nye fartøyet skal vere ferdig våren 2026.

I dag har Ulstein verft fire skip for vindkraftbransjen under bygging eller i bestilling, i tillegg til vedlikehaldsoppdrag. To vindskip skal leverast i 2024, to i 2025, seier Lars Lühr Olsen, administrerande direktør ved Ulstein Verft.

Han vil ikkje talfeste storleiken på kontrakten med Nexans, men seier det generelt er vesentleg høgare prisar i dag enn då den førre kontrakten vart inngått i 2018.

Sikrar arbeid
Designarane i Skipsteknisk teikna også Nexans Aurora, som designet av det nye fartøyet byggjer på.

Kontrakten er likevel betydleg og medverkar til å sikre arbeid for dei 85 tilsette i inn i neste år seier Bjørn-Oscar Kløyning i ålesundselskapet.

Det nye fartøyet kan legge fire kablar samstundes, ein meir enn Nexans Aurora.

Publisert: 22.09.2023 12:38

Sist oppdatert: 22.09.2023 15:46

Mer om