Ulstein om fjordkryssingane Vi brukar for mykje tid paa aa vente
ÅLESUND: Konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group i samtale med samferdsleminister Knut Arild Hareide under Ålesund-besøket. Stortingsmeldinga om transportplanen for perioden 2022 til 2033 blir lagt fram neste år.
Nytt

Ulstein om fjordkryssingane: – Vi brukar for mykje tid på å vente

Meir tempo for ferjefri E39, modulvogntog på vegane og meir plass på jernbanen, er mellom innspela frå næringslivet til samferdsleministeren.

Marius Rosbach
18.08.2020
Konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group snakka varmt om fjordkryssinga Hafast, medan Per Olav Mevold frå fiskeriselskapet Vikenco, tok for seg Møreaksen, då samferdsleministeren kom til Ålesund tysdag.
Ei rekke næringslivsleiarar var invitert til å kome med sine innspel i samband med Nasjonal Transportplan då statsråd Knut Arild Hareide tok turen til Ålesund-bedrifta Driw.
NHO-direktør Espen Remme i Møre og Romsdal innleia med å peike på , som dei viktigaste prioriteringane frå deira si side.

– Eksportfylke nummer éin

Gunvor Ulstein viste til at Møre og Romsdal, ikkje berre var mellom dei fremste eksportfylka i landet.
– Eg meiner vi er eksportfylke nummer éin i landet når det gjeld verdiskaping per tilsett, understreka Ulstein då ho hadde ordet.
Ho viste til at fjordkryssingane allereie har vore på den politiske dagsorden i årevis – og meinte det var på tide at prosjekta kom vidare.
- Vi brukar for mykje tid på å vente på realisere prosjekt som vil gi verdiskaping, sa Ulstein til statsråden.
Til NETT NO påpeiker ho korleis kostnadene aukar år for år for fjordkryssingane. Bygging av Hafast i år 2035-2040, meiner ho er for seint. Per i dag er det ikkje sett av midlar til sjølve bygginga av Møreaksen eller Hafast.
– Vi ønskjer oss eit konkret beløp, sa Ulstein til Hareide.

Verdiskaping for meir enn regionen

Industrileiaren meiner at både Møreaksen og Hafast er viktige for Møre og Romsdal, og at desse må sjåast i samanheng.
– Det er ikkje snakk om å bruke kortast mogleg tid frå Kristiansand til Trondheim, sa ho.
Ulstein meiner at Hafast ikkje bere ville kom regionen til nytte, men også sørge for skatteinntekter og verdiskaping til nasjonen.
– Og har vi ikkje verdiskaping, så har vi ikkje noko av det andre heller, sa Ulstein.

Ba om løyve til modulvogntog

Rolf Olav Tenden frå Tenden Transport køyrer mykje av produkta til Nordfjord Kjøtt frå Stryn over mot Austlandet. Hans største ønske – i tillegg til nye tunnelar over Strynefjellet – var at dei får løyve til å køyre lengre vogntog.
Vegdirektoratet har sendt ut på høyring eit forslag om å tillate modulvogntog (på 25 meter) og vogntog på 24 meter på opptil 60 tonn på fleire fylkesvegar.
Tenden bad samferdsleministeren gi grønt lys for forslaget.
- Vi har testa dette i eitt år, og erfaringane er veldig gode, fortalde han.
I dag får transportselskapet køyre desse modulvogntoga frå Otta og nedover Austlandet, men dei får ikkje køyre dei i vestlandsfylka.

Kamp om plassen på jernbanen

Henning Aandal frå selskapet Onrail kunne fortelje at dei hadde planar om å starte opp med godstransport på Raumabanen. I første omgang vil dei forsøke seg med avgangar kvar kveld i vekedagane.

Aandal vil gjerne utvide, men fortel at dei då møter utfordringar frå andre hald.
– Det er plass nok både på Raumabanen og stasjonsområdet på Åndalsnes, men om vi skal ha fleire tog, så er det nesten ikkje plass på dei andre strekningane, fortalde han.
Toggründeren bad difor om både ei utviding av Alnabruterminalen og fleire kryssingsspor for å få opp kapasiteten på jernbanen.

Meir om besøket:



NHO-direktøren til statsråden:


Vi brukar for mykje tid på å vente på realisere prosjekt som vil gi verdiskaping

Publisert: 18.08.2020 12:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01