Ulstein sjøsette første Olympic-skipet
Fleire er interesserte i å ta i bruk skipet. Og snart kjem skrog nummer to til verftet.
Laurdag vart det første av to havvindskip til Olympic-reiarlaget i Herøy sjøsett frå dokkhallen ved Ulstein Verft, ifølgje ei pressemelding.
Konstruksjonsstøttefartøyet (CSOV) Olympic Boreas er byggnummer 318, og representantar frå reiarlaget og verft var til stades ved utdokkinga for å sjå skipet gli ut frå dokkhallen.
Olympic-reiarlaget har også eitt skip til i ordreboka. Skroget til det neste skipet kjem i løpet av andre kvartal, opplyser administrerande direktør Lars Lühr Olsen i Ulstein Verft til Nett No.
I dialog med fleire om oppdrag
Olympic Boreas skal leverast til sommaren. Reiarlaget har ikkje sikra kontrakt til nybygget – men chief operating officer Marius Bergseth i Olympic fortel til Nett.no at det er fleire som er interesserte i å ta i bruk skipet.
– Vi er i dialog med ulike kundar men har ikkje signert noko enno. Om det er grunnlag for å sikre ei medium kontrakt på rett nivå, så vil vi gjere det. Alternativt så vil båten gå ei periode i marknaden for kortare prosjekt, som ofte kan løne seg, legg han til.
Olympic-reiarlaget har allereie vore i det som omtalast som fornybarsegmentet kring ti år. I dag utgjer denne marknaden kring halvparten av inntektene til skipa i flåten.
Måla ferdig utvendig
Nybyggingsoppdraga er dei første på fleire år ved Ulstein Verft. Bemanninga er difor trappa kraftig opp den siste tida.
– Utrustingsarbeidet, som femner om innreiing, elektriske installasjonar, røyrarbeid og mekaniske installasjonar er godt i gang. Utvendig malingsarbeid vart ferdigstilla medan skipet oppheldt seg i kontrollerte omgjevnader inne i dokkhallen. Vi har også kome i gong med oppstartsstadiet i prosjektet, uttaler prosjektleiar Helge Torvik ved Ulstein Verft i meldinga.
Kontrakten mellom Olympic og Ulstein vart signert i 2022. Skroga vert bygde ved Crist-verftet i Polen.
Første med ny Ulstein-løysing
Skipa er skreddarsydd for vindkraftindustrien og kan mellom anna gå inntil turbinar og andre installasjonar for å sette av personar ved hjelp av ein avansert gangveg.
Samtidig er fartøya mellom dei aller første som blir utstyrt med Ulstein Group sin Twin X-Stern-løysing - som skal gi betre manøvreringseigenskapar og gjere det enklare å halde skipet i ro ved slike operasjonar.
Skipa har ei lengde på 89,6 meter og ei breidde på 19,2 meter og har plass til 126 personar fordelt på 91 utvendige lugarar med dagslys.
Publisert: 08.04.2024 11:59
Sist oppdatert: 08.04.2024 13:19