Første av serie med nybygg for Ulstein
Nytt skipsdesign skal gi reiarane same fordelar til sjøs, som med ein firehjulstrekkar på vinterføre.
Fredag kom skroget til det første av to vindskip Olympic-reiarlaget til Ulstein Verft. I alt har verftet sju skip i ordreboka. Prosjektleiar på skipet hos Ulstein Verft, Helge Torvik, var i godt humør då han møtte pressa på vegne av dei tilsette fredag.
– Det er ein merkedag for oss. Vi har lenge sett fram til å få eit nytt nybygg på plass. No er det god stemning, stadfestar han.
Skroget til Olympic-skipet er det første nybygget som kjem til verftet på meir enn to år.
Første eigenbygde med nytt design
Skipa til Olympic blir omtala som konstruksjonsstøttefartøy for vindkraftindustrien.
Dei er også dei første som Ulstein sjølv bygger med Twin X-Stern-design. Det betyr at dei har propellar for hovudframdrift både framme og akter.
Med fire hovudpropellar kan mannskapet óg enklare halde skipet i ro når dei skal overføre personell til installasjonar til havs, fortel skipsdesignar Åsmund Eide frå Ulstein Design & Solutions.
– Auka komfort er også ein fordel for skipa som gjerne har med seg personell som ikkje alltid er like sjøvande, seier han.
– Trur dette vil vere ein stor fordel
I tillegg til eit kabelskip for Nexans, har Ulstein Verft seks slike skip med Twin X-Stern-design i ordreboka framover. I tillegg er det fire skip med same løysing under bygging i Tyrkia.
Chief operating officer Marius Bergseth i Olympic Subsea har stor tru på at designet vil vere ein fordel når skipa kjem ut i marknaden.
– Vi samanliknar det med eit firehjul-system på ein bil. Alle veit at du kjem lettare opp ein bakke med ein firehjulstrekkar. Her gjer vi noko av det same med desse fartøya, fortel han til NETT NO.
– Vi trur dette vil vere ein stor fordel, samtidig brukar vi mindre energi, legg han til.
Skipa vil i første omgang ha hybrid batteridrift, men er budde for metanol som drivstoff for å gjere nullutslepp mogleg.
Treng fleire tilsette
Allereie over helga tek arbeidet til. Etter kvart vil organisasjonen bli trappa opp, og i løpet av det neste året vil bygginga involvere fleire hundre arbeidarar.
Administerande direktør ved Ulstein Verft, Lars Lühr Olsen, fortel at rekrutteringa går bra, sjølv om dei gjerne skulle hatt enno fleire å spele på. Oppdraget er òg viktig for dei andre Ulstein-selskapa – som alle har søkt etter tilsette i det siste.
– Det er noko fleire søkjarar på ein del stillingar enn tidlegare, også er det nokre områder det er mindre tilfang, fortel han.
Kandidatar til stillingar på for eksempel innkjøp og prosjektering kan vere krevjande å få tilsett. Det same er tilfellet på fagfeltet elektro, legg han til.
Publisert: 12.01.2024 16:37
Sist oppdatert: 12.01.2024 17:33