Ulstein skal bygge om fôrbåt
Omfattande oppdrag i samarbeid med Kongsberg Maritime.
Ulstein Verft har sikra seg eit jobb med eit stor og omfattande ombygging av fôrbåten Eidsvaag Pioner, ifølgje ei pressemelding.
- I prosjektet arbeider vi tett saman med reiarlaget og designselskapet Kongsberg Maritime, seier Marita Myrvågnes som jobbar med sal og ettermarknad ved Ulstein Verft.
Omfattande ombygging
Verftet skal mellom anna fjerne seks av 62 tankar for å gi plass til ei pelletsheis framme, og bygge om dei resterande 56 siloane. Også i kompressorromet vert det gjort endringar.
Prosjektet inneberer óg ein tur inn i dokka for Eidsvaag Pioner, for mindre arbeid på framdriftssystemet. Verftet skal i tillegg til dette, ha noko ombygging på ballastsystemet, i samband med arbeid som vert utført om bord.
Eidsvaag-reiarlaget gjer ombygginga for å auke fleksibiliteten og utnyttinga av fartøyet sine kapasitetar, heiter det vidare.
– Vi har ein god ordrereserve på nybygg framover, men har god kapasitet på ettermarknadsprosjekt. Medan det er høg utnytting av dokka i løpet av året ønskjer vi særleg å skape større aktivitet ved kai, både med lengre ombyggingsprosjekt som dette, men også med mindre prosjekt, uttaler salssjef for ettermarknad, Martin Sundgot Hansen, i meldinga.
Publisert: 08.03.2024 11:26
Sist oppdatert: 08.03.2024 11:42