Underskot etter pandemisvikt i Asia
C Food Norway med gjeldskonvertering for å betre økonomien etter fjorårssmell.
C Food Norway i Ålesund fekk eit dårleg fjorår etter at salet svikta i den asiatiske marknaden. Difor tok selskapet nyleg grep for å betre likviditeten.
Sjømatselskapet sel produkt laga av kvitfiskryggar og tørka svømmeblærer, og mykje av salet har så langt gått til Kina og Hong Kong.
Salssvikt og underskot i fjor
Omsetninga som i 2019 var oppe i heile 138 millionar, hadde skrumpa inn
til 67 millionar i fjor. Det viser årsrapporten som blei offentleg denne
veka.
Årsaka til nedgangen er salsvikt som følge av koronapandemien, skriv leiinga i rapporten.
2021-rekneskapen enda også med eit betydeleg underskot på 5,2 millionar kroner før skatt (sjå tabell under).
Ventar omsetningsauke i år
Marknaden i Asia er no på veg tilbake – samtidig som selskapet har auke innsatsen i andre marknader.
Omsetninga for 2022 er difor venta å vere på nivå med 2020 – om lag 100 millionar. Også dei økonomiske utsiktene vidare ser positive ut, skriv leiinga i rapporten.
(saka held fram under)
C Food Norway | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 67 | 99,2 |
Driftsresultat | -5,2 | 0,1 |
Resultat før skatt | -5,2 | 0,9 |
Gjeldskonvertering på 8,9 millionar
Leiinga var ikkje nøgd med likviditeten etter underskotet i fjor, og i årsrapporten går det fram at det blir jobba med ulike finansieringsløysingar.
Ved generalforsamlinga i midten av november vart det bestemt ei kapitalauke ved at 8,9 millionar kroner i gjeld, skule gjerast om til eigenkapital.
Gjeldskonverteringa vart registret i Brønnøysundregistera før helga.
Utnytter restråstoff
C Food Norway har forsking- og utviklingsavdeling i Ålesund, og
selskapet hadde fire tilsette i fjor, viser årsrapporten. Produksjonen
skjer i Vietnam i lag med partnaren Vietnam Diamond Age, og mykje av
salet har til no vore bulkprodukt.
Tidlegare gjekk restråstoffet til dyrefor, medan det i Kina blir
rekna som ei delikatesse. Produktet blir mellom anna nytta til suppe. På sikt ønsker selskapet å gå over til meir ferdigvaresal - og målet er produksjon i Norge.
I fjor vann C Food Norway nyskaperprisen til Sunnmørsposten. Selskapet har fleire aktivitetar gåande som er finansiert av Innovasjon Norge, Norges Forskningsråd, Sjømatrådet og Regionale Forskningsfond i Møre og Romsdal.
Publisert: 01.12.2022 05:00
Sist oppdatert: 30.11.2022 22:29