Kristin Alnes Sjømat Norge foto are kvistad sjømat norge
Fagsjef for handel Kristin Alnes i Sjømat Norge meiner Norge er i ferd med å bli utkonkurrert i fleire store marknader, og i aukande grad blir ein råvareleverandør. Foto: Are Kvistad/Sjømat Norge
Synspunkt

Mørke skyer bak lakserekordane

Ønskjer vi arbeidsplassar her i landet eller utanlands, spør fagsjef i Sjømat Norge. Ho meiner store eksportverdiar står i fare.

20.07.2022

I media si framstilling av sjømateksport er det laks som dominerer biletet. Sterkt sug i marknaden og stabil produksjon gir gode prisar og stadig nye eksportrekordar for laks. Store delar av sjømatnæringa møter ein heilt annan kvardag.

Det handlar om stengde marknader, auka proteksjonisme og stadig dårlegare eksportvilkår. Ikkje minst gjeld dette for sild og makrell, som i 2021 stod for ein eksportverdi på meir 10 milliardar kroner.

Innanfor sild og makrell har Norge ein industri i verdsklasse. Enkeltfangstar på opptil 2 000 tonn (tilsvarande 100 vogntog) blir lossa og klargjort for eksport i løpet av timar. Dei siste 10 åra har industrien satsa stort for å auke verdien av råstoffet. Det meste av silda blir no filetert fersk her i landet, og fleire bedrifter gjer store investeringar for også å kunne filetere makrell. Dette er viktige steg for å ta sysselsetjing og verdiskaping frå makrellen heim til Norge.

Produkt av sild og makrell går i all hovudsak til eksport, og særleg til Asia og Europa. Handelssituasjonen i desse marknadene truar no industrien langs heile kysten:

  • Russland blei stengt for norsk sjømat i 2014. Dette ramma særleg eksporten av sild, som hadde sin hovudmarknad her. Med krigen i Ukraina er det fare for at Belarus er ute som handelspartnar. Ukraina er svekka, både i betalingsevne og logistikk.
  • Japan og Sør-Korea er viktige marknader, særleg for makrell. I begge desse landa vil makrell frå konkurrentane våre i EU og Storbritannia om få år gå tollfritt inn, medan norsk makrell vil møte toll på 7- 10 prosent. Eit prispåslag på 10 prosent gir ein vanskeleg konkurransesituasjon for elles like produkt, fiska på den same bestanden.
  • I EU møter produkta eit lappeteppe av tollfrie importkvotar, tollfrie periodar og i siste instans høg toll. Fleire kvoter som opnar for import av norske varer er midlertidige og krev reforhandling frå norske myndigheiter. I skrivande stund har næringa vore utan tollfrie kvoter for fryst makrellfilet og eddik- og kryddersild til EU i meir enn eitt år. Dette er ein situasjon som øydelegg for bearbeiding, sysselsetjing og verdiskaping her til lands.

Det er styresmaktene sitt ansvar å sørge for gode handelsvilkår for eksportvarene. Vi må ha like gode handelsavtaler som konkurrentane våre.

Det synes å vere ei oppfatning, både i Storting og regjering, om at «næringa går av seg sjølv og at den går godt». Dette stemmer ikkje. Vi er tvert imot i ferd med å bli utkonkurert i fleire store marknader. Norge blir i aukande grad ein råvareleverandør. Vi forsyner andre land med innsatsvarer og vi let eit stort verdiskapingspotensiale gå frå oss. Dette rammer ikkje berre eksportleddet, men heile den marine klynga; flåte, industri, teknologi- og kunnskapsleverandørar, logistikk m.m.

Sjømatnæringa har over år opplevd manglande satsing frå norske styresmakter når det gjeld å vedlikehalde og betre handelsvilkåra for sjømat. I desse dagar er det innleia nye forhandlingar mellom Norge og EU om betra marknadstilgang for fisk og marine produkt frå Norge.

Klarer vi heller ikkje denne gongen å forhandle ned tollbarriene vil vi halde fram med å skape fleire arbeidsplassar i EU. Regjeringa har her ein gylden sjanse til å vise at prioriteringa av sjønæringa er meir enn fine festtalar.

Av: Fagsjef for handel Kristin Alnes i Sjømat Norge

Publisert: 20.07.2022 12:36

Sist oppdatert: 20.07.2022 21:37

Mer om