T Rygve Slagsvol Vedum Foto Celine Lyse Augdal Finansdepartementet
RIKKAR SEG IKKJE: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og statsminister Jonas Gahr Støre presenterte framlegget om grunnrenteskatt på oppdrett i september ifjor. Foto: Celine Lyse Augdal/Finansdepartementet
Nytt

Urokkeleg Vedum om lakseskatten

Skyt ned Sjømat Norges færøyske draum.

05.01.2023

NPK-NTB: Grunnprinsippa i lakseskatten ligg fast, konstaterer finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp). Han avviser Sjømat Norges forslag til skattemodell.

Bransjeorganisasjonen har i høyringssvaret sitt bede Vedum sjå til Færøyane og Island, der oppdrettsnæringa betaler ei eiga produksjonsavgift.

Men Vedum vil ikkje gå bort frå regjeringsforslaget, som er ein grunnrenteskatt basert på overskotet til oppdrettarane.

Grunnprisippa ligg fast
– Grunnprinsippa ligg fast, seier Vedum til NTB

Så det blir ein overskotsbasert grunnrenteskatt?

– Det gjer det. Eg har hatt møte med veldig mange enkeltaktørar i heile haust, og vore veldig tydeleg på det.

Høyringsfristen for den nye lakseskatten gjekk ut onsdag, og Finansdepartementet skal no gå gjennom over 350 svar. Vedum har sagt at han er open for å gjere justeringar før han legg fram regjeringsforslaget for Stortinget.

– Frå regjeringa si side vil det leggjast opp til at dei kan behandle saka før sommaren, seier han.

Over 350 svar
Over 350 kommunar, bedrifter, interesseorganisasjonar og personar har sendt inn svar i høyringa om grunnrenta for havbruksnæringa. Mange er kritiske.

Onsdag kveld, like før fristen gjekk ut, var det komme inn heile 351 høyringssvar.

Blant dei som har komme med innspela sine, er 73 kommunar og fylkeskommunar. I tillegg har eit tital lokale og regionale næringsråd og næringsalliansar sendt inn høyringssvar.

Jobbar på spreng
Om det høge talet innspel set ny rekord, er usikkert. Men no blir det jobba på spreng i Finansdepartementet for å gå gjennom alle høyringssvara.

– Vi er fornøgd med at det har komme mange innspel i høyringsrunden. Alle vil bli vurdert grundig av regjeringa før det blir lagt fram eit endeleg lovforslag for Stortinget, seier statssekretær Lars Vangen til NTB.

Forslaget skal komme før sommaren, men endeleg dato er ikkje klar. Den nye grunnrenta gjeld likevel frå 1. januar.

– Øydeleggjande
Lakseskatten har vore omstridd, og fleire Arbeiderparti- og Senterparti-styrte kommunar og fylke stiller seg negative til forslaget frå si eiga regjering, eller er kritiske til innretninga. Blant desse er kommunane Alstahaug, Alta, Gratangen og Herøy og fylka Agder, Trøndelag, Vestland, Troms og Finnmark og Møre og Romsdal.

I høyringssvaret frå Gratangen heiter det eksempelvis: «Forslaget til grunnrentemodell på havbruk har mange negative effekter for vårt lokalsamfunn, vår havbruksnæring og ulike leverandører av tjenester og produkter».

– Vi fryktar no for arbeidsplassane i framtida, ikkje berre innan havbruksnæringa, men også for leverandørindustrien, heiter det frå Herøy kommune.

Fitjar kommune peikar i svaret sitt på at investeringar på 1 milliard kroner til eit landbasert oppdrettsanlegg er sett på vent på grunn av uvisse om rammevilkåra framover.

Også Alta kommune påpeikar at uvissa har sett ein stoppar for vekstambisjonane til havbruksnæringa.

Bergen Næringsråd er endå skarpare i tonen: «Forslaget om grunnrenteskatt medfører en helt urimelig høy samlet skattebelastning for havbruksnæringen og truer arbeidsplasser langs kysten», heiter det mellom anna i deira svar.

– Det verkar som ein ikkje har brydd seg med å greie ut reelle konsekvensar, heiter det vidare frå næringsrådet.

Tommel opp frå YS
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) er derimot udelt positiv til ei grunnrente på havbruk.

– Forslaget er godt grunngitt og utgjer etter vår vurdering ikkje ein fare for arbeidsplassar eller aktivitet langs kysten, meiner dei.

Fleire havbrukskommunar og -fylke tek samtidig til orde for at ein større del av grunnrenteinntektene bør falle til vertskommunane. Regjeringa har foreslått at inntektene skal delast likt mellom staten og kommunane.

Møre og Romsdal fylke meiner at maks 40 prosent bør gå til staten, medan ein større del av kommunanes del, til dømes 70 prosent, bør gå til vertskommunane.

– Slik blir det meir attraktivt å leggje til rette for havbruksnæringa og at verdiane i stor grad kjem tilbake til dei områda der dei blir skapte, heiter det frå den kanten.

SBB: Botnfrådrag dårleg idé
I forslaget som vart sendt på høyring, tok regjeringa til orde for eit botnfrådrag som skulle skjerme dei minste havbruka. Men det er ein dårleg idé, meiner Statistisk sentralbyrå.

Det kan nemleg verke konkurransevridande og bidra til redusert effektivitet. I staden foreslår SSB at botnfrådraget blir erstatta av ein lågare grunnrentesats for alle.

Også Fiskeridirektoratet er kritisk til fleire ting i forslaget, mellom anna den foreslåtte grunnrentesatsen på 40 prosent. Direktoratet peikar i tillegg på fleire feil og inkonsistensar og meiner til liks med SSB at det er fleire ulemper ved botnfrådraget slik det er foreslått.

Også statens eige Regelråd har kritisert utgreiinga om grunnrenteskatten. Rådet meiner det er uheldig med høyringsfrist etter at ordninga har tredd i kraft.

Publisert: 05.01.2023 12:25

Sist oppdatert: 05.01.2023 12:45

Mer om