Børsdagen: Ny botnnotering for kystruten
Tre kvartalsrapportar frå lokale selskap - og to aksjer som fall - og henta seg inn att.
Havila Kystruten-aksjen fekk ny botnnotering på Oslo børs torsdag. Ved 14-tida var kursen ned nær 18 prosent og aksjen blir handla til 6,10 kroner.
Mot slutten av dagen henta aksjen seg litt tilbake - og enda på 6,8 kroner - og eit fall på 6,85 prosent.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Botnnoteringa for Herøy-reiarlaget utgjer kring ein tredel av verdien til aksjen seint i november i fjor, då kursen var på 20,50 kroner. Då hadde aksjen vore kring same nivå sidan våren i fjor.
I desember fall kursen bratt og enda kring 10-11 kroner. I slutten av april peika kursane vidare nedover, etter at reiarlaget fortalde om utfordringane med å skaffe finansiering for alle dei fire skipa.
Fallet torsdag kom utan at det var sendt ut noko melding, og aksjen fall på eit relativt lågt volum.
Aksjekursen på slutten av dagen prisar selskapet til drygt 500 millionar.
Også Statt Torsk fekk hard medfart frå investorane torsdag. Etter at selskapet sendte ut rapport for første kvartal, fall aksjen kraftig.
Oppdrettsselskapet har opplevd mindre slaktevolum og får mindre betalt for fisken, enn dei hadde venta, ifølgje rapporten. Samtidig meiner Statt Torsk-sjef Gustave Brun-Lie at bransjen for ufortent kritikk i media.
Ved 14-tida aksjen ned nær 20 prosent og blei handla til 0,53 kroner. Det var nær botnnotering for den aksjen - som var på 0,49 kroner sist fredag.
Mot slutten av dagen henta aksjen seg også inn - og enda på 0,65 kroner og eit fall på 1,52 prosent.
Offshorereiarlaget Golden Energy Offshore var børsvinnaren mellom selskapa frå Nordvestlandet torsdag.
Det kan også nemnast at Sparebank 1 SMN torsdag la fram sine tal for første kvartal, der det mellom anna kom fram at banken tilbakefører tidlegare tap på offshore - fordi dei har fått auka tru på bransjen.
Hexagon Composites la torsdag fram rapporten for 1. kvartal som viste svakare lønsemd i hovudmarknaden. Aksjekursen sank 4,85 prosent etterpå.
Industrikonsernet Endùr la også fram kvartalsrapport som viste at Ålesund-selskapet Arteq Aqua hadde fått barbert inntektene sine kraftig samanlikna med i fjor. Aksjen steig likevel 0,23 prosent.
Hovudindeksen på Oslo børs enda på 1 201,49 - ned 0,21 prosent i løpet av dagen.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag | |
Golden Energy Offshore Services | 1,192 | 6,62 % | |
Atlantic Sapphire | 4,68 | 2,18 % | |
Norva24 Group * | 26,8 | 0,94 % | |
Salmon Evolution | 6,75 | 0,45 % | |
Havila Shipping | 16,2 | 0,37 % | | |
Endúr | 44,1 | 0,23 % | |
Nortel | 32 | 0,00 % | |
Hexagon Purus | 20,8 | -0,95 % | |
Statt Torsk | 0,65 | -1,52 % | |
Hav Group | 10,3 | -2,38 % | |
Sparebanken Møre | 76 | -3,80 % | |
Arctic Bioscience | 10 | -3,85 % | |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 3,12 | -4,00 % | |
Hofseth Biocare | 2,99 | -4,17 % | |
Hexagon Composites | 27,08 | -4,85 % | |
Havila Kystruten | 6,8 | -6,85 % |
Publisert: 11.05.2023 14:10
Sist oppdatert: 30.05.2023 14:30