Havila Kystruten slepp bot
Skulle betale 7,7 millionar kroner i månaden fordi skipa ikkje var klare i tide.
I februar i gav Samferdselsdepartementet Havila Kystruten ei såkalla konvensjonalbot fordi reiarlaget ikkje kunne sette skipet Havila Polaris i rute mellom Bergen og Kirkenes til avtalt tid.
No har departementet trekt bota, ifølgje ei børsmelding.
"Samferdselsdepartementet har i dag meddelt selskapet at de aksepterer selskapets påstand om at forsinkelsene skyldes forhold utenfor selskapets kontroll. Samferdselsdepartementet har som følge av dette trukket kravet om konvensjonalbot på bakgrunn av force majeure.", skriv Havila Kystruten i børsmeldinga.
Departementet har også godtatt at Havila Pollux ikkje blir sett i rute i tide, av sama grunn som Havila Polaris.
Havila Kystruten har til liks med Hurtigruten avtale med staten ved Samferdselsdepartementet om å betene kystruta. Havila har berre to av fire fartøy i drift, og har fleire gangar utsett når dei to siste kan bli sett i trafikk.
Sperra konto
Havila Kystruten finansierte opphavleg dei fire skipa i flåten gjennom datterselskap av det statseigde russiske finansieringsselskapet GTLK. Då Russland gjekk til krig mot Ukraina i fjor vart Havila Kystruten råka av dei vestlege sanksjonane mot Russland.
Havila har refinansiere skipa, men på grunn av sanksjonane må attendebetalinga til GTLK stå på sperra konto og stå der så lenge sanksjonane mot Russland gjeld.
Etter refinansieringa er det framleis eitt hinder å passere, å få ei godkjenning av irske styresmakter, som har juridiksjon i saka fordi eit datterselskap at GTLK har irsk adresse.
"Som tidligere meldt har selskapet søkt den Irske Sentralbanken om lisens til å få sikkerhetene frigitt slik at alle rettigheter til skipene overtas ved innløsing av gjelden. Når lisenser foreligger, kan refinansieringen komme på plass og skipene kan overtas.", skreiv Havila Kystruten i ei børsmelding i mars i år.
Les også
Publisert: 14.04.2023 13:04
Sist oppdatert: 14.04.2023 13:58