Usamde om loensemda i Maaloey
BETRE ANDRE STADAR: For Pelagia, som både har konsumanlegg og fiskemjøl og -oljefabrikk i Måløy i Vågsøy er Måløy ein viktig stad å vere, seier Pelagiasjef Egil Magne Haugstad. Men han meiner det er andre stadar som er meir lønsame å etablere seg på med eit heilt nytt produksjonsanlegg for fiskemjøl og -olje.
Nytt

Usamde om lønsemda i Måløy

Pelagia-sjef Egil Magne Haugstad meiner Måløy er eit underleg val når Nergård-konsernet vil bygge fabrikk for fiskeolje og fiskemjøl. Tommy Torvanger i Nergård vurderer stikk motsett.

12.08.2015
Pelagia og Nergårdkonsernet er ikkje berre usamd om det finnes ein avtale som forbyr Nergård å byggje fabrikk for produksjon av fiskeolje og fiskemjøl rett ved sidan av anlegget Pelagia allereie driv i Måløy i Vågsøy kommune.
Dei to fiskeindustriselskap har og stikk motsette vurderingar av fornufta i å etablere seg i Måløy.
- Den beste etter vår vurdering, sa konsernsjef Tommy Torvanger i Nergårdkonsernet i retten i dag om plasseringa for fabrikken som er underbygging.

Ikkje gunstig

Måløy er ikkje den beste plassen for å etablere eit slik anlegg som Nergård planlegg, korkje med omsynt til frakt av fiskeavskjer frå Nergård sine øvrige fabrikkar (i Nord-Noreg, red. merk), i høve kjøpa av fiskeavskjer frå andre eller i høve til fiskefelta, i følgje styreleiar og dagleg leiar Per Magne Haugstad i Pelagia.
- Måløy er ikkje den beste lokasjonen, sa han i si forklaring i retten i dag.
Pelagia eig mellom eit anlegg på Moltustranda på Sunnmøre som ikkje er i drift, som Haugstad meiner er eit døme på ei klart betre plassering enn eit anlegg i Måløy.

Mangla underskrift

Haugstad vart dagleg leiar då Pelagia vart etablert frå starten av 2014, og var ikkje med på eigedomshandelen som ligg til grunn for tvisten mellom Nergård og Pelagia.
Straks han fekk kjennskap til planane Nergård hadde, seinhausten 2014, undersøkte han om kva avtalar som fantest i samband med den omstridde eigedomen, mellom anna ved å få sjekka epost-utvekslingane til tidlegare Welcon-sjef Arne Stang.
Stang er no storaksjonær i Nergård-konsernet, medan Welcon er ein del av Pelagia. Stang og tildegare Pan Fish-topp Bjarte Tunold kjøpte eigedomen frå Welcon i 2009.
Haugstad seier han fann ein avtale med klausul - slik han hadde venta - men ikkje signert.
- Eg vart forundra og litt irritert over at ein ikkje kunne legge fram ein underskriven avtale, sa Haugstad i retten.

Høyrde rykte

Då Nergård planla anlegg i Vågsøy i fjor fekk selskapet høyre rykte om at det var klausular som skulle hindre etablering, i følgje Torvanger si forklaring i retten i dag.
Torvanger sa det blei undersøkt i offentlege register om det var tinglyst ein slik klausul, utan resultat. Han fekk og opplyst frå storaksjonærane Arne Stang og Bjarte Tunold at det ikkje fantest ein klausul som hindra Nergård i å etablere seg der.
Heller ikkje brevet som Nergård fekk frå Pelagia like før jul 2014 innheld dokumentasjon som overtydde Torvanger om at det eksisterte ein konkurranseklausul for tomta.

Publisert: 12.08.2015 13:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45