Reknskapen for hotellselskapet i Ørsta kom først på plass i Brønnøysundregistra i starten av november.
Der kjem det fram at daglege leiar Vivi-Ann Teige og styret er usamde med om ho skal ha bonus eller ei:
"Styret er kjend med at dagleg leiar ikkje har medverka til underteikning av årsmeldinga og årsrekneskapen grunna uoverenstemmelse med bonusutbetaling for året 2015. Styret er av den oppfatning at det ikkje utbetalast resultatbonus for tidlegare år".
Hotellet er eitt av to større eigedomsengasjement banken framleis sit med etter at tidlegare låntakarar fekk vanskar. Nyleg har banken seld industribygget som tidlegare husa komfyrfabrikken Grepa, og målet er å selje eitt bygg også neste år. Det blir truleg eit kontor- og forretningsbygg i Ørsta sentrum, men det kan og bli hotellet.
Teige seier ho ikkje har nokon kommentar til saka.
- Denne usemja er ikkje større enn at styret har vurdert den som uproblematisk, seier styreleiar Thomas Lundberg.
Han seier styret forhandlar med Teige om ei bonusordning framover.
Hotell Ivar Aasen as gjekk med underskot i 2015, og merka som fleire hotell på Søre Sunnmøre at nedturen i oljebransjen gav mindre trafikk.
Der kjem det fram at daglege leiar Vivi-Ann Teige og styret er usamde med om ho skal ha bonus eller ei:
"Styret er kjend med at dagleg leiar ikkje har medverka til underteikning av årsmeldinga og årsrekneskapen grunna uoverenstemmelse med bonusutbetaling for året 2015. Styret er av den oppfatning at det ikkje utbetalast resultatbonus for tidlegare år".
Bank-hotell
Teige vart tilsett i juli 2014, like etter at Sparebank1 Søre Sunnmøre vart eineeigar av hotellselskapet. Banken eig og hotellbygget. I september i fjor vart eigedomsselskapet slått saman med driftsselskapet, slik at heile verksemda no er samla i Hotell Ivar Aasen as.Hotellet er eitt av to større eigedomsengasjement banken framleis sit med etter at tidlegare låntakarar fekk vanskar. Nyleg har banken seld industribygget som tidlegare husa komfyrfabrikken Grepa, og målet er å selje eitt bygg også neste år. Det blir truleg eit kontor- og forretningsbygg i Ørsta sentrum, men det kan og bli hotellet.
Nytt styre
I april i år skifta hotellselskapet styre. Thomas Lundberg - som arbeider i banken - var ny styreleiar. Styret som tilsette Teige vart leia av tidlegare administrerande direktør i banken, Solveig Midtbø.Teige seier ho ikkje har nokon kommentar til saka.
- Denne usemja er ikkje større enn at styret har vurdert den som uproblematisk, seier styreleiar Thomas Lundberg.
Han seier styret forhandlar med Teige om ei bonusordning framover.
Hotell Ivar Aasen as gjekk med underskot i 2015, og merka som fleire hotell på Søre Sunnmøre at nedturen i oljebransjen gav mindre trafikk.
Publisert: 08.11.2016 09:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:03