Utbytte til Fjord 1 eigarane
UTBYTTE-BETALARAR: Konsernsjef Dagfinn Neteland og styreleiar Reidar Sandal i Fjord 1. 
Nytt

Utbytte til Fjord 1 - eigarane

Fjord 1 betra resultatet og betalar utbytte til eigarane.

28.03.2015
I løpet av to år har Fjord 1 gått frå nesten 100 millionar i minus til over 100 millionar i pluss. No får Sogn og Fjordane Fylkeskommune (59 prosent) og Sævikfamiliens Havilafjord (41 prosent) 50 millioner utbyttekroner på deling etter resultatforbetringa i 2014.
- Det er ikkje tvil om at dette selskapet ikkje har generert dei inntektene det bør gjere dei to siste åra, sa administrerande direktør Dagfinn Neteland til NETT NO etter ei strategisamling i selskapet i oktober 2014.

I 2012 gjekk Fjord 1 med nesten 100 millionar i underskot, i 2013 blei resultatet før skatt 24 millionar kroner.

Godt nøgd

Etter at 2014-tala kom på bordet (sjå tabell) er Neteland meir nøgd med situasjonen.
- Dette er eit svært tilfredstillande resultat som vi er godt nøgde med i denne omgang. Vi ser at forbetringsprosessane som selskapet har arbeidd med dei siste åra, med fokus på sikker drift i 2014 har hatt ein positiv verknad på det samla resultatet i 2014, seier han i ei pressmelding.
- Etter fleire år utan utbytte er det positivt at resultat og drift i selskapet i 2014 gir moglegheit for utbytte, seier styreleiar Reidar Sandal i meldinga.

Prisen må opp

Etter strategisamlinga i fjor varsla Neteland at ferjeselskapa er nøydde til å setje opp prisen når dei konkurrerer om å ferjestrekningane. Det betyr høgare kostnadar for stat og fylke.

- Eg trur nok ein må vere innforstått med at prisane må gå opp. Det er berre å sjå på resultata til ferjeselskapa. Det er ingen som tener pengar, og difor må prisen gå opp, sa Neteland.

Publisert: 28.03.2015 20:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:42