Utfordrar Vedum om skatt på landbrukseigedom
Lurer på om finansministeren sjølv vil bidra til å utjamne forskjellane ved å betale formuesskatt.
Stortingspolitikare Alfred Bjørlo (V) utfordrar finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) om formuesskatt på landbrukseigedom i eit spørsmål på Stortinget.
– Vil finansministeren vurdere å utvide grunnlaget for formuesskatt for landbrukseigedom, slik at også finansministeren gjennom si betydelege formueplassering i landbrukseigedom som han i dag ikkje betaler formuesskatt på, får høve til å vere med og styrke den norske modellen og utjamne forskjellane mellom fattig og rik endå meir, spør Venstrepolitikaren frå Nordfjordeid.
Bakgrunnen er mellom anna eit VG-intervju Vedum gjorde, der han omtala fjerning av formuesskatten som «gift i den norske modellen» - fordi mange av dei rikaste då ikkje ville betale skatt. Finansministaren hadde fredag ikkje svara på spørsmålet.
Jordbruk og skogbruk slepp unna
Bjørlo sjølv har vore tydeleg på at han meiner formuesskatten har negative konsekvensar for næringslivet.
Han viser til at mange bedriftseigarar i privat næringsliv elles må ta pengar frå selskapet for å betale formuesskatten. Dersom selskapa ikkje har nok overskot til å ta ut utbytte, må eigarane anten låne pengar eller selje seg ned, skriv han i bakgrunnen for spørsmålet.
– Det kan då vere interessant å vite om finansministeren ut frå sin eigen logikk arbeider med planer om å utvide grunnlaget for formuesskatt, slik at også næringar som jordbruk/skogbruk, som i dag betaler minimalt med formuesskatt for relativt høge teoretiske formueverdiar som også er bundne opp på same måte som i store deler av distriktsnæringslivet elles, også skal betale meir formuesskatt i framtida, avsluttar Bjørlo.
Publisert: 23.02.2024 12:33
Sist oppdatert: 23.02.2024 12:33