Roger Hofseth Knut Flakk montasje alfred bjørlo foto Marius 11
STØTTAR SKATTEAKSJON: Alfred Bjørlo (t.v.) støttar aksjonen for norsk eigarskap som Roger Hofseth og Knut Flakk har starta, og er uroa for at både lokalt og norsk eigarskap i næringslivet blir svekka. Foto: Marius Rosbach/privat
Nytt

Utfordrar Vestre om formuesskatten

Alfred Bjørlo (V) vil vite om næringsministeren meiner det er greitt at norske eigarar må skatte meir enn utanlandske.

Marius Rosbach
27.03.2023

Venstre-politikar Alfred Bjørlo tek opp forskjellsbehandlinga av norske og utanlandske eigarar når det gjeld formuesskatten i eit spørsmål i Stortinget til næringsminister Jan Christian Vestre.

Meiner statsråden det er uproblematisk for norsk næringsliv og samfunnsutvikling at norske eigarar av bedrifter dei to siste åra har fått ei vesentleg høgare skattebyrde enn utanlandske eigarar av norske bedrifter, er spørsmålet Bjørlo vil ha svar på.

Bakgrunnen er at utanlandske bedriftseigarar slepp å betale formuesskatten, som er blitt skjerpa for norske eigarar under Støre-regjeringa.

Vestre let vere å svare Flakk
Formuesskatten har vore flittig diskutert og omtalt etter at Knut Flakk og Roger Hofseth starta det dei kalla ein aksjon for norsk eigarskap.

Målet deira er fjerne formuesskatten på arbeidande kapital - og forskjellsbehandlinga mellom norske og utanlandske eigarar er mellom deira tyngste argument.

Då næringsministeren vart utfordra av mellom anna Knut Flakk under NRK-sendte Debatten førre veke, let han vere å svare på det same spørsmålet han no må svare Venstre-politikaren på i Stortinget.

Nokon som bør «ryke og reise»?
I spørsmålet til Vestre tek Bjørlo opp landsmøtetalen til den nybakte SV-leiaren Kirsti Bergstø, då ho omtala Røkke si flytting til Sveits.

– I tilfelle statsråden meiner dette ikkje er uproblematisk – kva konkrete grep vil regjeringa gjere for å lette skattebyrda for norske eigarar og gje dei rammevilkår som gjev dei grunn til å tru at dei er velkomne i Noreg og ikkje berre nokon som bør «ryke og reise», skriv han.

Næringsministeren har ikkje svart på spørsmålet enno.

Medan Senterpartiet sitt landsmøte nyleg vedtok at dei ville jobbe for å senke skattenivået for næringslivet, har signala frå Arbeiderpartiet vore at det skal vere som no.

Podium

E19/S3 Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?

Publisert: 27.03.2023 05:00

Sist oppdatert: 27.03.2023 00:05

Mer om