Fullt hus for norsk eigarskap
Mange ville vise sin støtte til aksjonen for å fjerne skatt på arbeidande kapital.
Både næringslivsleiarar og politikarar stilte opp då Knut Flakk og Roger Hofseth inviterte til kick-off for sin aksjon for norsk eigarskap måndag.
Fleire måtte ta til takke med ståplass då aksjonen som har sett seg føre å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital, inviterte til Atlanterhavsparken.
– Vi ønsker å vere her i Norge, og skape aktivitet og arbeidsplassar. Og om vi ikkje skal flytte ut, så må vi forsøke å få politikarane til å sjå at denne skatten på arbeidande kapital er øydeleggande, sa Knut Flakk innleiingsvis.
Roger Hofseth påpeika at aksjonen skulle vere politisk uavhengig, og ville samarbeide med alle som støtta deira syn. Målet er å kome i dialog med styresmakter og politikarar.
– Vi vil gi dei rett informasjon og forsøke ha ein sakleg debatt, påpeika Hofseth.
Dei håpar at aksjonen skal spreie seg til resten av landet, og Hofseth understreka at det ikkje dreia seg om eit Vestlandsopprør.
Dobla rekning til formuesskatten
Tilhøyrarane fekk høyre frå både Hofseth og Flakk om korleis formuesskatten slår ut for dei.
Flakk viste til at hans familie betalte formuesskatt av ein verdi på 1,33 milliardar kroner, medan den private formuen i realiteten var på kring 30 millionar kroner.
Medan familien i 2021 betalte drygt ni millionar i formuesskatt i 2021, vil det vekse til meir enn 18 millionar kroner i 2023.
– Kvar skal vi ta pengane frå? Vi har ikkje noko anna val enn å ta det frå bedriftene, sa Flakk.
Har sett investeringar på vent
NETT NO har tidlegare omtala korleis Flakk har sett store reiselivsinvesteringar på vent som følgje av skatteaukane.
– Vi kan ikkje halde fram å tappe bedriftene for kapital på denne måten, la Flakk til.
Både han og Hofseth har fleire gonger trekt fram korleis formuesskatten verkar konkurransevridande, ettersom utandlandske eigarar slepp å betale.
Sp-ordførar rasande over skatteaukar
Ein rekke politikarar var møtt opp for å høyre kva initiativtakarane hadde å seie.
Både næringspolitisk talsperson for Arbeidpartiet, Per Vidar Kjølmoen og finanspolitisk talsperson i Høgre, Helge Orten, var på plass. Det same var stortingspolitikar Alfred Bjørlo frå Venstre og nyvalt Raudt-leiar i Møre og Romsdal, Aina Hauge.
Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) var likevel den einaste politikaren som fekk kome til orde.
Han har markert seg som motstandar til skatteaukane som regjeringa har lagt fram. Tryggestad la ikkje skjul på at han var rasande over at regjeringspartia la nye skatteskjerpingar på bordet, etter å ha lova at dei ikkje skulle auke skattane.
I helga kjempa Tryggestad for å få gjennomslag for eit forslag om å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital under Senterpartiets landsmøte, utan å få gjennomslag.
Han viste til at kommunar som Stranda har behov for både kapital og pengar, og at han ville halde fram med å kjempe for ei lågare skatterekning til bedriftseigarane.
E19/S3 Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?
Publisert: 20.03.2023 19:39
Sist oppdatert: 21.03.2023 00:35