Ikkje fleirtall for kutt i formuesskatten
Men landsmøtet til Senterpartiet gjekk likevel inn for at det samla skattetrykket for næringslivet skal ned.
(NPK-NTB-NETT.NO): Jenny Klinge og dei andre frå Møre og Romsdal-fraksjonen på Senterpartiet sitt landsmøte, fekk ikkje gjennomslag for å kutte formuesskatten på arbeidande kapital.
Fleire delegatar tok til orde for å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital. Det åtvara nestleiar Ola Borten Moe kraftig mot og meinte det var nærast umogleg å definere kva «arbeidande kapital» er.
Landsmøtet gjekk likevel inn for å senke det samla skattetrykket for næringslivet, auke botnfrådraget i formuesskatten og redusere formuesgrunnlaget.
Sp går også inn for å innføre ei forsøksordning med jobbskattefrådrag for unge i utvalde delar av landet.
Vil tette inntektsgap for bønder
Trass i eit brutalt fall på meiningsmålingane var det lite misstemning å spore blant dei rekordmange delegatane, nærare 340 i alt, på landsmøtet i Trondheim i helga.
Derimot ser partiet ut til å strutte av sjølvtillit, og mange av innlegga frå talarstolen handla om kva Sp har fått til på halvtanna år i regjering.
Partiet gjentek kravet om ein plan for tetting av inntektsgapet til bøndene, men landsmøtet avviste å tidfeste når dette skal skje. Avvist vart også forslag om å skrote helseføretaksmodellen og fleire forslag om å seie nei til bygging av nye Rikshospitalet.
Hindra straumopprør
Det var på førehand venta at det ville bli eit straumopprør på landsmøtet.
Mange, også internt i Senterpartiet, er misfornøgde med handteringa til regjeringa av dei høge straumprisane, og heile elleve av 16 fylkeslag hadde sendt inn forslag om ulike konkrete tiltak.
Men det var langt mellom dei harmdirrande innlegga på landsmøtet. Derimot verka mange å lytte til parlamentarisk leiar Marit Arnstads råd om å ha is i magen og vente på ekspertutvalet som skal sjå på tiltak for å få ned straumprisane. Rapporten deira er venta først i oktober.
Nei til Melkøya-elektrifisering
Landsmøtet sa dermed nei til å innføre makspris på straum, slik fleire fylkesparti ønskjer.
Derimot gjekk delegatane mot innstillinga frå leiinga og sa nei til elektrifisering av gassanlegget Melkøya ved Hammerfest.
Senterpartiet vedtok også at det er uaktuelt å seie ja til EUs fjerde energimarknadspakke.
Ungdommen vann fram
Senterungdommen har grunn til å vere godt fornøgde med landsmøtet.
Forutan å styrkje innverknaden sin i moderpartiet og auke talet på representantar i landsstyret frå tre til fem, fekk ungdomspartiet gjennomslag i fleire saker, mellom anna kravet om ein skjerpa ruspolitikk som slår fast at bruk og innehaving av narkotika er straffbart.
Senterpartiet går også inn for å sikre politiet lovheimel til å avdekkje bruk, innehav og sal av narkotika.
Senterungdommen fekk også landsmøtet med seg, imot ønsket til leiinga, om å etablere ei eiga BSU-ordning for unge som sparar til gard – ei GSU-ordning.
Senterpartiet går også inn for å heve maksgrensa på vanleg BSU til 30.000 kroner og til totalbeløpet til 400.000 kroner, og dessutan heve skattefritaket på vanleg BSU til 20 prosent.
Publisert: 20.03.2023 09:17
Sist oppdatert: 20.03.2023 09:40