Utkonkurrert av Leroey
HÅP: Dei tilsette ved Sandanger såg positivt på eigarskiftet då det blei kjent at selskapet blei ein del av Insula i 2017. Frå venstre pakkeoperatør Butsaba Skovdal, produksjonsleiar Vegard Kalland, pakkeoperatør Annie van Zaanen, linjeleiar Birgitte Knotten og plassjef Ingunn Tvedt.
Nytt

Utkonkurrert av Lerøy

Lerøy-konsernet tok over fiskemat-kontrakten som Maritim Food-anlegget i Gjerdsvika hadde for Norgesgruppen. Eigarskiftet i 2017 slo negativt ut.

21.03.2019
40 arbeidsplassar er truga etter at den langvarige avtalen mellom Norgesgruppen og Maritime Food blei avslutta. Dei tilsette på anlegget i Gjerdsvika i Sande kommune vart orientert i førre veke.

Oppdraget har i staden gått til Lerøy Seafood Group si fiskeforedlingsbedrift i Stamsund i Loftoten, der Lerøy er i ferd med å auke satsinga på fiskematproduksjon, som er eit nytt område for Lerøy Seafood Group. Anlegget i Stamsund blir spesialisert i produksjon av butikk-klare sjømatprodukt som blant anna fiskekaker og fiskebollar, sa Webjørn Barstad i eit intervju med NETT NO 2. mars i år. Barstad er konserndirektør villfangst og kvitfisk i Lerøy Seafood Group, med ansvar for både fiskebåtreiarlaget Havfisk og produksjonsanlegga i Lerøy Norway Seafoods.

Dominerande rolle

At Maritime Food i 2017 vart overtatt av selskapet Insula er ein del av grunnlaget for vurderinga av kven som skulle få oppdraget, skriv Norgesgruppen i ein epost til NETT NO. Det gjorde at Insula, som mellom anna eig fiskemat-varemerket Lofoten, fekk ei dominerande rolle i norsk fiskematproduksjon.

Dette skriv Norgesgruppen:
"Maritim har vært en god leverandør til Unil (vårt selskap for egne merkevarer) i en årrekke. Slike kontrakter konkurranseutsettes med jevne mellomrom. Denne gangen kom det opp andre løsninger som vi anser som bedre, og vi valgte dermed å gi en annen bedrift mulighet. Vår nye produsent er Lerøy Stamsund i Lofoten, hvor nye arbeidsplasser etableres.
Årsaken til byttet er en helhetsvurdering basert pris, kvalitet og råstoffutnyttelse mellom filetproduksjon og fiskemat. Som et bakteppe ligger også det at Insula etter oppkjøp av Maritim Foods nå har 85% av fiskematmarkedet i Norge. NorgesGruppen ønsker å bidra til konkurranse innenfor alle kategorier, også fiskemat.
Vi ønsker å takke Maritim Foods for samarbeidet."

Laksepengar

Investeringselskapet Kverva er største eigar i Insula, med 92 prosent av aksjane.
Bak Kverva står Salmar-gründer Gustav Witzøe og sonen Gustav Magnar Witzøe, som eig 91 prosent av Kverva gjennom selskapet Kvarv.
Under Kvarv-paraplyen ligg aksjeposten på 51 prosent i Salmar, eit oppdrettselskap som er verdsett til 46 milliardar på børsen. Konsernet omfattar og utstyrsprodusenten Steinsvik Group, ein 37 prosent aksjepost i Pelagia-konsernet og ein 50 prosent aksjepost i analyseselskapet Patogen.

Publisert: 21.03.2019 08:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32