Utset bygging av ny baat
AUSTRALIA: Seismikkskipet "Sanco Sword" driv seismikkskyting for Dolphin utanfor Adeleide i Australia, men oljeprisfallet gjer at reiarlaget Sanco Shipping truleg utset planane om å byggje endå eit skip.
Nytt

Utset bygging av ny båt

Alle sju Sanco Shipping-skipa har kontrakt ut 2015, men noko åttande skip vert det truleg ikkje no.

13.01.2015
- Ja, planane om eit nybygg er nok lagde på is, seier adm. dir Ivar Slettevoll.
Gjerdsvik-reiarlaget har fire seismikkskip og tre støttefartøy. Etter at selskapet i mars 2014 fekk overlevert det Kleven-bygde seismikkskipet «Sanco Sword», opna Slettevoll for å byggje endå eit seismikkskip, eventuelt eit nytt subseafartøy for å ha eit tredje bein å stå på.
Selskapet hadde då satsa 1,2 milliardar kroner på to seismikkskip på to år.

Heldig situasjon

Etter at oljeprisen har vorte halvert i løpet av få månader, har Slettevoll justert planane.
- Vi får sjå. Vi sjølve har ikkje merka noko problem, men vi ser då på det som skjer rundt oss.
Dei to søsterskipa «Sanco Sword» og «Sanco Swift» er på oppdrag for Dolphin utanfor Australia, «Sanco Spirit» arbeider for PGS i Mexicogulfen, medan «Sanco Star» er i oppdrag for amerikanske OceanGeo utanfor Las Palmas.
- Alle desse fire fartøya har oppdrag ut 2015, slik at vi er i ein heldig situasjon, seier Slettevoll.

Seismikkselskapa avgjer

Langsiktige kontraktar har selskapet også for støttefartøya Sky, Sea og Chaser.
Slettevoll seier at den store risikoen er at seismikkselskapa får problem eller går over ende.
- Vi leiger skipa ut til seismikkselskapa. Får dei problem, vil det også merkast for oss, men så langt ser det bra ut.

Skip i opplag

Ulstein-selskapet Neptune Offshore la i romjula seismikkskipet «Neptune Naiad» i opplag på Moltustranda. Adm. dir. Idar Hatløy fryktar at det vil ta lang tid før seismikkskipet kjem i arbeid igjen.
Les meir.
Også det Ålesund-baserte selskapet Uksnøy har lagt sitt seismikkskip «Geo Barentz» i opplag i Brattvåg.
Les meir
Men i følgje ei opplisting frå er det framleis aktivitet i seismikkmarknaden.

Nye avtalar

Nyleg melde Polarcus om ein intensjonsavtale om seismikkskyting i Australasia, og reiarlaget har også meldt om kontrakter i Australia.
Statoil har nyleg vorte tildelt ein stor leitelisens på nordvest-sokkelen av Australia, og Statoil er forplikta til å starte opp med seismiske operasjonar.
CGG skal på oppdrag for TGS sende fem skip på seismikkoppdrag for å finne olje under saltlaga i Mexicogulfen.
I følgje Maritime.no planlegg TGS å bruke opptil seks Seabird-fartøy til seismikkleiting ettersom selskapet skal innhente inntil 300.000 km med 2D-seismikk i Mexico og Atlanterhavet.

Britisk aktivitet

Også på britisk side av Nordsjøen er det aktivitet. Her skal mellom anna seismikk-gründeren Magseis gjere innsamling av havbotnsseismikk. Til desse operasjonane vil Magseis nytte skipet «Artemis Athene», som vert leigd av Westcon.
I tillegg har Dolphin opplyst at selskapet i slutten av 2014 startar opp ei ti månaders kontrakt for eit seismikkselskap i India.
Selskapet har også vorte tildelt oppdrag i Vest-Afrika.
Dolphin har langtidskontrakt med GC Rieber Shipping, som eig og opererer tre 3D seismikkskip, samt at selskapet har ytterlegare eit nybygg ved Myklebust som skal i arbeid for Dolphin i april i år.
Alle skipa er i arbeid og har lange kontrakter.
Vi sjølve har ikkje merka noko problem, men vi ser då på det som skjer rundt oss

Publisert: 13.01.2015 06:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40