Utvalsleiar vil fjerne leveringsplikta i fiskeria
KAIHANDEL: Eit utval foreslår å fjerne leveringsplikta i fiskeria. Her kaihandel i Ålesund.
Nytt

Utvalsleiar vil fjerne leveringsplikta i fiskeria

Leveringsplikta kan stå for fall når det regjeringsoppnemnde sjømatindustriutvalet leverer innstillinga si om konkurranseevna i fiskeindustrien.

19.06.2015
(NPK-NTB-Jan-Morten Bjørnbakk): Utvalsleiar Ragnar Tveterås tar til orde for å fjerne reguleringar som leveringsplikt, aktivitetsplikt og foredlingsplikt, ordningar som i si tid vart innført for å sikre fiskerisamfunna langs kysten råstoff til industrien.
– Skulle vi hatt leveringsplikt og foredlingsplikt i heile den norske økonomien, hadde vi hatt eit kjempeproblem. Dette er ikkje ein berekraftig politikk for den norske velferdsstaten, sa Tveterås på årsmøtet til Norges Råfisklag i Tromsø onsdag.
Utvalet skal levere innstillinga si i desember.

Problematiske plikter

I gjennomgangen sin av ein fiskeriindustri som slit trass dei rekordstore kvotane, la professoren ved Universitetet i Stavanger vekt på at han snakka med basis i utvalet, men ikkje på vegner av det.Han stadfestar likevel overfor NTB at dei har diskutert dei politiske reguleringane grundig.
– Vi har hatt fleire rundar på pliktene i utvalet. Vi har ikkje skrive innstillinga på dette området. Men det er klart at utvalet opplever desse pliktene som svært problematiske. Vi opplever dei som svært problematiske, seier Tveterås til NTB.

Tvangstrøye

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) seier seg nøgd med signala ho fekk frå utvalsleiaren, som skal levere innstillinga i desember.
– Eg høyrer ein utvalsleiar som seier at denne tvangstrøya er i ferd med å ta strupetak på næringa. Det må vi gjere noko med. Eg registrerer at ingen av dei verkemidla og lovene og reglane som gjeld i næringa i dag, er freda i utvalet. Dei går så grundig til verks som eg har ønskt, seier Aspaker til NTB.

Betre rammevilkår

Ho seier at innstillinga frå sjømatindustriutvalet blir avgjerande for kva grep ho som fiskeriminister skal ta, særleg i kvitfisknæringa.
– Vi har no historisk store kvantum av fisk, men vi klarer ikkje å auke verdiskapinga av det. Dette kan ikkje halde fram viss fiskerinæringa i framtida skal vere eitt av dei solide beina dette landet skal stå på ved sida av olja.
- Politisk er det viktig å setje nokre av kjepphestane på stallen og arbeide for å gi næringa dei best tenkjelege rammevilkåra for ei vidare utvikling, seier Aspaker.
Tveterås ser det som eit problem at for mange av dei faktorane som er avgjerande for å ha innovasjon og lønnsemd i fiskeriindustrien, er gjenstand for forhandlingar på den politiske arenaen.
– Vi ønskjer å ta vekk ein del av rommet for politikarar som vil posisjonere seg, seier han.

Paradoks

Professoren ser det som eit paradoks at industrien til ei fiskerinæring som opererer i ein knallhard global marknad, har langt fleire avgrensingar enn næringsmiddelindustrien, som leverer til ein skjerma innanlandsmarknad
– Bodskapen frå bøndene er at dei vil halde på strukturen slik han er. Men i foredlinga av eigne produkt er dei knallharde. I foredlingsindustrien som bøndene kontrollerer, er dei beinharde kapitalistar når dei omstrukturerer og skalerer opp, seier Tveterås. (©NPK)

Publisert: 19.06.2015 14:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33