Vaat start for Joelstra kraftverk
JØLSTRA: Publikum ventar spent på første salva. Anleggsplassen i bakgrunnen.
Nytt

Våt start for Jølstra kraftverk

Kraftverket skal gi kraft til 12.000 heimar. Torsdag gjekk første salva.

14.09.2018
Jølstra kraftverk skal stå ferdig i 2020, og vil ferdig utbygt koste 700 millionar kroner.
På markeringa av anleggsstarten torsdag var representantar frå styre, leiing og tilsette i Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi (SFE), i tillegg til vertskommunar og grunneigarar. Ordførar Oddmund Klakegg, ordførar i den eine av dei to vertskommunane, fekk æra av å fyre av første salven.

Fusjon

Det er Sunnfjord Energi som har arbeidd fram prosjektet. Før sommaren fekk dei med seg naboselskapet SFE, og dei to selskapa skal eige halvparten kvar av kraftverket.
For tida er dei to selskapa i fusjonsforhandlingar. Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE, har god tru på eit tettare samarbeid mellom selskapa.
– Å gjennomføre så store prosjekt som Jølstra kraftverk er utfordrande åleine. Saman kan vi løfte nok kapital til å realisere store prosjekt. No kan vi også trekke på kompetanse frå begge selskap, både når det gjeld prosjektering, utbygging, drift og ikkje minst HMS, seier Rauboti, i ei pressemelding frå SFE.
Administrerande direktør Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi legg ikkje skjul på at det er godt å kome i gang med prosjektet.
– Som med alle kraftutbyggingar tek det gjerne lang tid frå ideen er forma til ein kan sette spaden i jorda.
- Det gjer det berre desto meir gledeleg å sette i gang med eit såpass stort og viktig prosjekt for begge eigarselskapa, seier Behrens, i pressemeldinga.

Publisert: 14.09.2018 12:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26