Det er konsernsjef Brynjar Forbergskog som opplyser dette i samband med at Torghatten legg fram rekordgode tal for første halvår.
Transportselskapet har eit resultat før skatt på 344,5 millionar kroner, opp frå 308,3 millionar kroner i første halvår i fjor.
Omsetninga i halvåret kom opp i 4889 millionar kroner, opp frå 4720 millionar i første halvår i fjor.
- Flyverksemda står for nesten halve omsetninga, og fleire av Widerøes ruter går med underskot, seier Forbergskog.
Widerøe er eigd 66 prosent av Torghatten, 34 prosent av Fjord 1.
Etter at det er innført flyseteavgift er den samla avgiftsauken utgjer nå godt over hundre millionar kroner årleg for Widerøe.
– Vi er spent på om det kjem avgiftslette i det nye statsbudsjettet. Dersom det ikke skjer, kan vi ikke utelukke at enkelte ruter må leggast ned, seier han i ei pressemelding.
I tillegg vert samarbeidet med SAS vidareført.
- Dette gir passasjerene meir fleksibilitet og større utval av ruter, seier Forbergskog.
Selskapet har no skaffa seg tre nye jetfly. Som lanseringskunde for Embraer sine andre generasjons jetfly har Widerøe som første flyselskap i verda tatt i bruk flytypen E190-E2.
Det andre flyet vart levert i mai og det tredje i juni.
Torghatten er store på både fly, ferjer og landtransport. Selskapet har åtte ferjer under bygging, inkludert fem gass- og hybridferjer som skal inn på sambandet Halhjem - Sandvikvåg neste år.
Transportselskapet har eit resultat før skatt på 344,5 millionar kroner, opp frå 308,3 millionar kroner i første halvår i fjor.
Omsetninga i halvåret kom opp i 4889 millionar kroner, opp frå 4720 millionar i første halvår i fjor.
Underskot på ruter
Forbergskog er likevel ikkje like fornøgd med alt:- Flyverksemda står for nesten halve omsetninga, og fleire av Widerøes ruter går med underskot, seier Forbergskog.
Widerøe er eigd 66 prosent av Torghatten, 34 prosent av Fjord 1.
Etter at det er innført flyseteavgift er den samla avgiftsauken utgjer nå godt over hundre millionar kroner årleg for Widerøe.
– Vi er spent på om det kjem avgiftslette i det nye statsbudsjettet. Dersom det ikke skjer, kan vi ikke utelukke at enkelte ruter må leggast ned, seier han i ei pressemelding.
Samarbeid og nye fly
På plussida noterer han seg likevel at Widerøe har inngått nye samarbeidsavtalar både med Norwegian, KLM og Air France.I tillegg vert samarbeidet med SAS vidareført.
- Dette gir passasjerene meir fleksibilitet og større utval av ruter, seier Forbergskog.
Selskapet har no skaffa seg tre nye jetfly. Som lanseringskunde for Embraer sine andre generasjons jetfly har Widerøe som første flyselskap i verda tatt i bruk flytypen E190-E2.
Det andre flyet vart levert i mai og det tredje i juni.
Torghatten er store på både fly, ferjer og landtransport. Selskapet har åtte ferjer under bygging, inkludert fem gass- og hybridferjer som skal inn på sambandet Halhjem - Sandvikvåg neste år.
Publisert: 29.08.2018 19:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25