Vartdal satsar paa Tesla lastebil
BATTERI: Tesla planlegg produksjonsstart for sin første elektriske lastebil neste år. Vartdal Plast skal ha ein. 
Nytt

Vartdal satsar på Tesla-lastebil

Vartdal Plast har reservert leveringa av ein Tesla-lastebil.

26.11.2018
Tesla skal etter planen starte produksjonen av dei første batteridrivne lastebilane i 2019. No har Vartdal Plast-konsernet sikra seg plass i køen for å få ein av dei første, for å frakte fiskekasser og isolasjonsprodukt frå fabrikken på Vartdal.
Konsernet har i dag 55 lastebilar. Kjøpet av ein Tesla-lastebil blir gjort for å vere tidleg ute med å få erfaringar i bruken av batteriteknologi i lastebilar. Er det vellukka kan heile bilparken etterkvart bli utsleppsfri.

- Den utviklinga vil vi sjølvsagt vere med på, seier dagleg leiar Jan Endre Vartdal.
Bilen har ein anslått rekkevidde på 640 kilometer og prisen for å reserver ein Tesla-lastebil er 160.000 kroner.

Publisert: 26.11.2018 09:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18