Kristian stian dronnen vegsund slip 22
FAMILIEBEDRIFT: Kristian (t.v.) og Stian Drønnen er tredje generasjon som driftar Vegsund Slip i Sula. Fjoråret blei eit tøffare år for verftet etter fleire jubelår. Foto: Marius Rosbach s
Nytt

Vegsund Slip fekk nær halvert overskotet

25. år på rad med pluss i fjor. Saksøkt av reiarlag i år.

Marius Rosbach
05.07.2024

Vegsund Slip fekk betydeleg svekka lønnsemd i fjor, viser årsrekneskapen som no er offentleg.

Omsetninga i fjor gjekk ned med kring 45 millionar og enda under 150 millionar kroner for første gong sidan 2018.

Samtidig vart resultatet før skatt kraftig redusert frå knappe 24 til drygt 14 millionar (sjå tabell under).

Det gjer at resultatgraden for første gong på fleire år var under ti prosent, for Sula-verftet som i årevis har vore mellom dei mest lønnsame verfta på Nordvestlandet. Det spørs om dei klarer å forsvare den posisjonen når fasiten gjerast opp seinare i år.

Vegsund Slip
Årsresultat (i mill kr)20232022
Driftsinntekter147,3191,9
Driftsresultat13,924,4
Resultat før skatt14,1

23,8

Periode med låg ordretilgang
Trass nedgangen er styret tilfreds med både resultat og selskapet sin posisjon, blir det påpeika i årsmeldinga.

– Styret meiner nedgangen i omsetning og resultat i hovudsak skuldast ein periode på våren -23 der ordretilgangen var låg, blir det opplyst vidare.

2023 var også verftet sitt 25. år på rad med pluss i rekneskapane. Verftet har ein botnsolid økonomi med betydeleg eigenkapital i både verftsselskap og morselskapet Vegsund Slip Holding.

Familieeigd i tredje generasjon
Sula-verftet som satsar på ombygging og reperasjon, har vore familieeigd sidan starten. Kristian og Stian Drønnen er tredje generasjon i familieselskapet som besteforeldra starta opp.

Søskena Sindre og Nils Drønnen med familar eig kvar sin halvdel av morselskapet Vegsund Slip Holding. Dei har også dotterselskapet Nordvest Propeller.

Etter fjoråret tek eigarane utbytte på seks millionar frå verftsselskapet, samtidig som Vegsund Slip Eiendom blir styrka med eit konsernbidrag på kring 12,7 millionar.

Saksøkt av reiarlag
I årsmeldinga for 2023 kjem det også fram at verftet og ein underleverandør har vore i ein tvist med eit ikkje namngitt reiarlag.

I februar i år stemna reiarlaget partane for retten med krav om erstatning på opptil 8,7 millionar kroner.

Både Vegsund Slip og underleverandøren avviser kravet. Dei reknar også med at ei eventuell rettssak vil ende med frifinning, og det er difor ikkje bokført noko forpliktingar i samband med søksmålet.

Publisert: 05.07.2024 05:00

Sist oppdatert: 05.07.2024 14:47

Mer om