Kristian stian drønnen vegsund slip 22
LØNNSAMT VERFT: Kristian (t.v.) og Stian Drønnen er tredje generasjon som driftar Vegsund Slip. Reparasjons- og ombyggingsverftet i Sula har fleire gode år bak seg. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Styrer mot sitt 25. år med overskot

Held koken som eitt av dei mest lønnsame verfta på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
18.07.2023

Vegsund Slip har lagt bak seg eit nytt vekstår med auke i omsetninga og solid overskot.

Inntektene på drygt 191 millionar er eit stykke under rekordåra 2019 og 2020, men er framleis den 3. høgste omsetninga verftsbedrifta i Sula har levert.

Også utgiftene auka, men lønnsemda held seg på eit solid nivå. Det viser årsrekneskapen for 2022 som no er offentleg (sjå tabell under). Eit resultat før skatt på meir enn 24 millionar, gir ein resultatmargin på over 12 prosent.

Vegsund Slip
Årsresultat (i mill kr)20222021
Driftsinntekter191,9154,8
Driftsresultat24,423,6
Resultat før skatt23,823,1

Berre «brønnbåtverfta» Larsnes Mek. Verksted og Aas Mek. Verkstad har vore i nærleiken av slik lønnsemd av verfta på Nordvestlandet dei siste åra, viser NETT NO sin siste bransjeoversikt.

Styrer mot nytt overskot i 2023
Vegsund Slip har vore familieeigd sidan starten og Kristian og Stian Drønnen er tredje generasjon i familieselskapet som besteforeldra starta opp.

Søskena Sindre og Nils Drønnen med familar eig kvar sin halvdel av morselskapet Vegsund Slip Holding. Konsernet eig også selskapet Nordvest Propeller.

Sula-verftet som satsar på ombygging og reperasjon har levert overskot kvart år sidan 1998. Ingenting tilseier at 2023 skulle ende annleis, som betyr at verftet styrer mot sitt 25. år med overskot.

Det stadfestar ein ferierande dagleg leiar Kristian Drønnen på telefon til NETT NO.

– Det blir overskot, sjølv om det er eit tøffare år enn vi har hatt i det siste, seier han om 2023.

Har auka bemanninga
I årsrapporten for 2022 skriv leiinga mellom anna at dei ser moglegheiter i det grøne skiftet.

Veksten dei siste åra og verftet sin økonomiske posisjon viser at bedrifta har lukkast så langt, og leiinga meiner dei har eit godt grunnlag for investeringar og tiltak som gjer at verftet skal halde på sin posisjon.

Auka aktivitet har også gitt arbeid til fleire. I løpet av fjoråret auka arbeidsstokken frå 62 til 68 årsverk.

Slapp lett frå korona i 2022
Om 2022-resultatet skriv leiinga at dei i liten grad blei påverka av koronapandemien. Fleire smittetilfelle utover våren førte ikkje til omfattande fråver, takka vere lette sjukdomsforløp.

Verftsbedrifta har gitt solide utbytter til eigarane i ei årrekke. I følgje 2022-resultatet vart det teke ut nye 8 millionar. I årsrapporten blir utbytte grunngjeve med at ein ønsker å styrke den finansielle stillinga til Vegsund Slip Eiendom.

Vegsund Slip har fått pålegg om supplerande undersøkingar av havbotnen ved verftet, og verftet har sett av 1,5 millionar kroner til dette arbeidet.

Eigenkapitalen i verftsselskapet er på drygt 71 millionar og langsiktig gjeld er på kring 14 millionar kroner.

Les fleire verftsresultat under:

Publisert: 18.07.2023 12:41

Sist oppdatert: 31.12.2023 13:04

Mer om