Møreaksen montasje E136 romsdalen Illustrasjon foto Rambøll skjermdump NHO Møre og Romsdal 11
OPPROP: Det er venta at Stortinget vedtek Nasjonal Transportplan for perioden 2022 til 2033 i midten av juni. 90 bedrifter i Møre og Romsdal som har signert eit opprop, meiner eksportvegane til og frå fylket, er viktigare enn fjordkryssingar i dag. Foto:
Nytt

Meiner veg er viktigare enn fjordkryssing

90 bedrifter frå Møre og Romsdal ber Stortinget først prioritere eksportvegane.

Marius Rosbach
07.06.2021

Før helga blei eit opprop om vegsatsing sendt til alle representantane på Stortinget frå initiativtakar Arne Almås. Han er lokalpolitikar for Ålesundslista og initiativtakar bak den klare meldinga til politikarane.

90 bedrifter frå Møre og Romsdal har signert oppropet. Blant dem finner vi Næringsforeningen Ålesundregionen, flere Flakk-selskap, Bunker Oil, H.I. Giørtz Sønner og Jangaard Eksport.

Bedriftene har ei samla omsetning på drygt 3,1 milliardar og kring 6100 tilsette.

Vil prioritere eksportveger
I brevet ber dei om at Stortinget i større grad enn i regjeringa sitt forslag til Nasjonal Transportplan, tek omsyn til kva som bør blir prioritert, for å legge til rette for vekst i næringslivet.

– Vi meiner, saman med næringslivet og transportbransjen, at veg er viktigare enn fjordkryssingar i dag, heiter det i følgjebrevet til politikarane.

Hovudbodskapen er at politikarane i staden må prioritere eksportvegar ut av fylket som E136 i Romsdal og riksveg 15 over Strynefjellet, i tillegg til flaskehalsar som er sterkt trafikkert.

Berre ei lita hending, eller feil på brua, vil stoppe store delar av samfunnet rundt Ålesund og på Sunnmøre
Arne Almås i brevet til stortingspolitikarane

Ber om to mrd. til Vegsund-Breivika
Oppropet peiker på E39 Vegsund-Breivika i Ålesund som spesielt viktig. Med ein årsdøgntrafikk på nær 30.000 bilar er strekninga ein flaskehals som bremsar næringsutviklinga også kringliggande kommunar, meiner forfattarane og ber om to milliardar til prosjektet.

– Berre ei lita hending, eller feil på brua, vil stoppe store delar av samfunnet rundt Ålesund og på Sunnmøre, skriv dei i oppropet.

I tillegg til sjølve eksportvegen gjennom Romsdal, vil dei ha prioritert strekninga Digernes-Ørskogfjellet og vegen vidare gjennom Skorgedalen til Tresfjordbrua.

Publisert: 07.06.2021 12:19

Sist oppdatert: 07.06.2021 12:33

Mer om