Veibust sit paa gjerdet
IKKJE SAMLING: Med dagens reglane for kor lenge reiarane får behalde kvoter dei overfører for å samle større kvotar på færre båtar vil Henning Veibust behalde dei fiskebåtane han har. 
Nytt

Veibust sit på gjerdet

Regjeringa sin nye kvotepolitikk får ikkje fiskebåtreiar Henning Veibust til å flytte på seg. Han blir sittande på gjerdet.

30.01.2015
Etter å ha gjennomfør eitt av dei dyrast kjøpa av båt og kvotar i fjor, er Henning Veibust godt posisjonert til å samle kvotane sine på færre båtar, eller strukturere som det og blir kalla.

Men det er ikkje aktuelt. Grunnen er at regjeringa førebels ikkje har gjort noko med reglane for kor lenge ei kvote som blir overført frå ein båt til ein anna kan behaldast av reiarane før den blir fordelt på alle andre i same fartygruppe, i dette tilfelle ringnotflåten.
Dagens frist er alt for kort, meiner Veibust.
- 20 år er for lite til å strukturere på, så vi gjer ikkje noko før det blir betre, seier han.

Lite vil skje

Også administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt, bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen for eigarane av den havgåande fiskeflåten, tvilar på at det blir mykje samling av fiskekvotar på færre båtar før det blir klart kor lenge reiarane får behalde kvotane dei flyttar over.
- Veldig får vil strukturerer før dei forholda der blir avklart, seier Maråk.

Omstridt tema

Spørsmålet om tidsavgrensing av kvotar har blitt eitt av dei mest omstridde i norsk fiskeripoltikk. Dess lenger overførte kvotar kan behaldast, dess meir attraktivt er det å strukturere.
Tidlegare fiskeriminstier Svein Ludvigsen (H) innførte på slutten av si regjeringstid såkalla tidsuavgrensa kvotar, der dei som nytta høvet til å strukturer fekk behalde den overførte kvoten for all tid. Det vedtaket vart omgjort av Ludvigsen sin etterfølgjar, Helga Pedersen (Ap) då den raudgrøne regjeringa starta sitt åtte-årige styre.
Svaret frå næringa var rettsak, fordi dei meinte Pedersen hadde høve til å endre reglane med attendeverande kraft.
Reiarane tapte i Høgsterett, men saka er anka til menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

20 år er for lite til å strukturere på, så vi gjer ikkje noko før det blir betre

Publisert: 30.01.2015 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40