Sparelys Raimondas Taurasevicius Hamish Fraser Petter Morseth foto Marius
NETTHANDEL: Sparelys på Åheim i Vanylven har kring 30 årsverk i arbeid. Raimondas Taurasevicius (f.v.), Hamish Fraser og Petter Morseth er mellom dei. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vekstrakett møtte veggen i fjor

Etter at pandemien ga tidenes boom for Sparelys, skapar no konflikten i Raudehavet krøll i forsyningslinjene.

Marius Rosbach
30.01.2024

Faktorane som har påverka netthandelen Sparelys i Vanylven dei siste åra, er gode eksempel på korleis «alt heng saman med alt» i det moderne forretningslivet.

Etter fleire år med kraftig vekst – som fekk ein ekstra boom pandemien – merka dei at etterspurnaden sank om lag i takta med renteaukane utover fjoråret.

I år har konflikten i Raudehavet gjort at det har blitt krøll i forsyningslinjene.

– Slike ting påverkar oss med ein gong. No får vi ikkje varene vi skulle ha til vinterferien. Dei var på veg gjennom den strekninga, men måtte i staden snu og gå rundt, seier dagleg leiar Petter Morseth til NETT NO.

Utfordringane gjer naturleg nok at frakta blir dyrare.

– Slike ting er det rett og slett ikkje råd å planlegge for, legg Sparelys-sjefen til.

Lågare omsetning i fjor
Omsetninga for netthandelen på Åheim stoppa på litt under 100 millionar kroner i fjor – ein nedgang på kring 25 millionar frå rekordåret 2022.

– Det er lettare å knipe igjen på slike ting som vi sel. Det er som oftast ikkje noko ein må ha, og meir i kategorien «nice to have», seier den daglege leiaren som forklaring på nedgangen.

Nedgangen i omsetning kombinert med dyrare innkjøp, gjer at lønnsemda også gjekk eit knepp ned i fjor. Han reknar likevel med at det blir plusstal også i 2023.

– Vanskeleg å skru opp prisane
Svak krone har samtidig gjort at innkjøpa til nettbutikken, som i stor grad skjer i dollar og euro, har vorte dyrare.

– Når det er «dyrtid» og mindre etterspurnad, er det vanskeleg å skru opp prisane for å kompensere for auka innkjøpsprisar, seier Morseth.

Det var spesielt marknaden mot private kundar som hadde svakast utvikling i fjor. Salet i bedriftsmarknaden haldt seg betre gjennom året.

Sparelys Vanylven Åheim butikk foto Marius 11
OGSÅ FYSISK BUTIKK: Nettbutikken sender varer til store delar av landet frå lageret og kundemottaket i Vanylven. Her er det også butikk. Foto: Marius Rosbach

Har vekse på solcelle-boom
Auke i salet av solcelleanlegg for tak har i fleire år vore ein sterk bidragsytar til veksten for netthandelfirmaet.

– Det har gått ein del ned på privatmarknaden, også har dei auka ein god del til bedriftsmarknaden, seier Morseth.

Han meiner straumstøtte til private, saman med dårlegare Enova-støtte, truleg er mellom årsakene til utviklinga i solcelle-marknaden.

Led-lys var samtidig eit vekstområde i fjor etter at tradisjonelle lysstoffrøyr vart ulovlege.

– Trur første halvåret blir tungt

Netthandelen på Åheim i Vanylven har dei siste åra vekse til å bli mellom dei største bedriftene i kommunen.

I 2022 var det berre Roger Hofseth si fiskeriverksemd som høgare omsetning av bedriftene registrerte i Vanylven. No har Sparelys kring 20 årsverk i sving - ein liten nedgang sidan i fjor.

– Vi ser positivt på framtida, sjølv om vi trur første halvåret blir tungt, seier Morseth.

Ei av årsakene til at han ser lysare utsikter framover, er at dei har «nokre planar om nye produkt». Meir vil han ikkje seie i denne omgang.

Publisert: 30.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 30.01.2024 11:46

Mer om