Ny supervekst for nettbutikk
Ei av dei største bedriftene i Vanylven passerte 100 millionar i omsetning med god margin.
Etter fleire år med kraftig auke, gjorde omsetninga eit nytt hopp for netthandelbutikken Sparelys på Åheim i fjor.
Ei omsetning på meir enn 125 millionar kroner er ny rekord med god margin, og svarar til ei auke i inntektene på kring 40 prosent samanlikna med året før.
- Vi har halde fram trenden med å ta nye marknadsandelar, fortel styreleiar Inge Nordaune Hasz til NETT NO.
Les også
Vaks kraftig under pandemien
Nettbutikken sender varer til store delar av landet frå lageret og kundemottaket i Vanylven. Inntektene til Sparelys vaks kraftig under pandemien – og har halde fram sidan.
Etter at dei omsette for knappe 50 millionar i 2019, auka inntektene til 77 og 90 millionar i 2020 og 2021, før rekordåret i fjor.
Hasz fortel at dei har auka «over heile linja», men at det særleg er ulike smarte løysingar til hyttemarknaden har gitt dei høgt volum.
(saka held fram under)
Sparelys (Trioweb) | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 125,6 | 90,8 | |
Driftsresultat | 8,1 | 24,9 | |
Resultat før skatt | 9,8 | 24,8 |
Aukar kostnadene – svakare lønnsemd
Etter ei ekstraordinært lønnsamt år i 2021, blei marginane litt mindre i fjor med eit overskot før skatt på knappe 9,8 millionar.
- Kostnadene har auka både nå det gjeld valuta og frakt, som har gjort at fortenesta har dabba litt av, seier Hasz.
Svak krone gjer at innkjøpa til nettbutikken som i stor grad skjer i dollar og euro, blir dyrare.
- Det er lenge sidan kronekursen var gunstig for vår del, legg han til.
I tillegg har dei nytta meir pengar på marknadsføring i sosiale media, ifølgje årsrapporten.
Er oppe i 27 tilsette
Rimeleg lokale og låg arbeidsgivaravgift, er mellom fordelane ved å drive nettbutikk på Åheim. Bedrifta har 27 tilsette fordelt på 18 årsverk.
Inge Nordaune Hasz og Petter André Morseth eig halvparten kvar av selskapet som blei starta i 2010.
Eigenkapitalen var ved utløpet av 2022 på knappe 48 millionar og den langsiktige gjelda på 11,9 millionar kroner.
Publisert: 04.04.2023 15:34
Sist oppdatert: 04.04.2023 15:33