Haneskjel innfelt robert welsvik foto privat
SATSAR: Robert Welsvik (innfelt) satsar på hausting av haneskjel med bruk av robotteknologi. Han meiner at det er viktig at bestanden vert strengt regulert, slik at ein ikkje gjer same feila som på 80-90-talet. Foto: Havforskingsinstituttet/Safe Offshore
Nytt

Skal hauste haneskjel med ny fangstmetode

– Eg såg at det var god økonomi i denne fangsten, og byrja å undersøke kvifor vi ikkje hadde slikt i Norge.

22.04.2022

Det seier Robert Welsvik i selskapet Safe Offshore.

Fiskeridirektoratet har gitt Velsvik-baserte selskapet løyve til å hauste den etterspurde delikatessa haneskjel i dei tre områda Concordia, Kveitehola og Bjørnøya Sør i den norske fiskevernsona rundt Svalbard.

Robert Welsvik seier at i 2015 assisterte han selskapet Clearwater med å finne og få bygt om eit fartøy til fiske av skjel utanfor Canada.

– Eg såg då at det var god økonomi i denne fangsten, og byrja å undersøke kvifor vi ikkje hadde slikt i Norge.

Ser på fartøy
Han seier at han i 2016 gjorde ein analyse om produkt, marknad, tidlegare fangst og noverande fangst.

Resultatet av arbeidet resulterte i ein søknad til Fiskeridirektoratet same år.

– Samstundes vart Havforskningsinstituttet kontakta, og dei har vore positive og samarbeidsvillige til å få bestanden kartlagt på nytt.

No er Welsvik klar til å ta steget fullt ut.

– Teknologi både under vatn og ombord er ferdig utvikla, og marknadsapparat står klart. No vurderer vi eit knippe fartøy. Inspeksjonar av aktuelle fartøy foregår no, seier han.

To frå nordvest
Frå før har det Ålesund-baserte selskapet Tau Tech fått løyve til prøvefiske av haneskjel i Barentshavet, og planen er å kome i gang alt i haust med det ombygde offshoreskipet Arctic Pearl. Ombygginga er i gang ved Fiskerstrand Verft.

Dermed er to selskap frå nordvest i gang med planar for eit fiske som vart stoppa i Norge 1992 etter stort overfiske og bruk av skraper som både skada havbotnen og i tillegg fanga store mengder bifangst.

No er det ny og meir skånsom teknologi som skal takast i bruk.

Robert Welsvik meiner at ressurskartlegginga viser at det kan verte brukbar inntening for to fartøy.

– Men det er viktig at uttaket denne gongen vert strengt regulert, under førre fangstepoken på 80-90 talet kollapsa både bestanden og marknaden grunna overbeskatning.

(saka held fram under)

Det er viktig at uttaket denne gongen vert strengt regulert
Robert Welsvik
Tau tech arctic pearl 11
SKAL OGSÅ SANKE SKJEL: Ålesund-selskapet Tau Tech er i gong med å klargjere skipet Arctic Pearl for skjelfiske til hausten. Foto: Marius Rosbach

Robotfangst
Safe Offshore skal bruke ein robot som er utvikla i samarbeid med Kristiansund-selskapet C-Robotics. Roboten C Bud er testa av Akvaplan-niva og Nofima, og konklusjonen er at fangstmetoden er effektiv, har lite bifangst og er skånsom mot underlaget.

Les meir her (ekstern lenke)

Med bakgrunn i erfaringane frå testinga, legg Fiskeridirektoratet til grunn at effekten på botnfauna, sediment og bifangst er på eit forsvarleg nivå, og konkluderer med at det er grunnlag for å gå vidare ned testing og utvikling av denne fangstmetoden.

Når det gjeld størrelsen på uttaket, viser direktoratet at det ikkje er gjort fullstendig kartlegging av haneskjelfelta ved Svalbard og Jan Mayen sidan 1980-talet, men i desember 2019 gjennomførde Havforskingsinstituttet ei undersøking av haneskjelressursane i fiskervernsona ved Svalbard.

15.000 tonn årleg
Ifølgje havforskinga er det eit berekraftig langtidsutbyte frå dei undersøkte felta på rundt 15.000 tonn rundskjel årleg, men direktoratet viser til at det er knytt stor usikkerheit til desse tala.

Direktoratet har likevel gitt Safe Offshore løyve til å hauste 15.000 tonn haneskjel kvart år dei første to åra av prøvehaustinga. Deretter vert det tatt ei ny vurdering av nivået på det årlege kvantumet, der det også vert tatt omsyn til annan aktivitet.

Robert Welsvik opplyser at hittil har hans eige selskap Safe Offshore stått føre satsinga åleine, med noko støtte frå Innovasjon <norge, Forskingsrådet og samarbeidspartnaren C-Robotics på undervassdelen.

- No vert det vurdert samarbeidspartnerar for feltoperasjonane.

Teknologi både under vatn og ombord er ferdig utvikla, og marknadsapparat står klart
Robert Welsvik
Haneskjel
ROBOTFANGST: Den nye fangstmetoden som er utvikla av C-Robotics i samarbeid med Safe Offshore. Skisse: C-Robotics

Kan verte 30 år
Haneskjel er rik på protein, mineral og vitamin, og vert rekna som ei delikatesse som er etterspurt blant restaurantar og matvarekjeder.

Frå før er det kommersiell fangst av haneskjel ved Island, Grønland, Canada og Argentina.

Haneskjelet veks nokså seint, og når normalt ein fangstbar størrelse første etter seks til åtte år. Skjela kan verte 12-13 centimeter og inntil 30 år gamle.

Skjela finst vanlegvis i straumrike område på mellom 20 og 100 meters djupne, og trivst best på bard botn som består av stein, grus eller tomskal.

Publisert: 22.04.2022 05:00

Sist oppdatert: 22.04.2022 05:57

Mer om